|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Skular i Jølster: Heimeyrkesskulen i Jølster | Klasserom i heimeyrkesskulen. (Foto: Arild Nybø, NRK 2003) |
Heimeyrkesskulen i Jølster vart grunnlagt i 1945 av lærar Kristian Eikås. Skulen var kommunal fram til 1949, då fylkeskommunen tok over drifta. Publisert 15.08.2001 09:35. Oppdatert 15.05.2003 11:07. | Heimeyrkesskulen på Vassenden. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Utgangspunktet for skulen Jølster var som i så mange andre bygder dei mange snikkar- og saumkursa som vart haldne for gutar og jenter i mellomkrigstida. I Jølster utvikla dette seg til planar om ein fast skule, utarbeidde av Kristian Eikås og Johan O. Nedrebø. Eikaas var lærar, men tok no Statens sløyd og teiknelærarskule i tillegg. Han var styrar for skulen fram til 1969. Dei to første åra heldt skulen til i Sanddalen. I 1947 vart skulen flytta til ei tyskarbrakke på Vassenden. Saumkursa heldt den første tida til i bedehuset. Eige skulebygg stod ferdig i 1954, med stor utviding i 1977.
Heimeyrkesskulen vart i 1992 slegen saman med Mo Jordbruksskule til Mo og Jølster vidaregåande skule.
Heimeyrkesskulen i Jølster fekk tidleg ord på seg for ein skule av høg kvalitet, og vart søkt av ungdom frå heile landet.
Sjå nærare omtale av: Kristian Eikås.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|