SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Jølster:

Gjestgjevarstader i Jølster


Publisert 15.08.2001 10:41. Oppdatert 19.05.2004 13:48.

Ola Andersson Årdal

(1854–1904), dreiv hesteskyss og eit lite hotell på garden sin i Årdal. Ei av stovene på bruket vart lenge nytta som møtelokale for kommunestyret.
Ei anna stove var det første banklokalet i Jølster.

Hotell Skjorta

oppkalla etter det kjende fjellet ved Breimsvatnet) vart bygd ca. 1870 av bonde Rasmus Førde i den vesle bygda Førde i sørenden av Breimsvatnet.

Nielsens Hotell

- seinare Vassenden hotell og Jølster hotell. Bygd i 1888 av Nikolai Nilsen Vassenden, son av handelsmann Nils Olsson, som kom frå indre Årdal.

Skei Hotell

Skredeslekta hadde lenge vore skyss-skaffarar og drive skysstasjon på Skei. Skei Hotell vart grunnlagt i 1889.

Hotell Stanley

Bygd 1890 av Jakob Neumann Hammer. Han eigde den gamle handelsstaden med gjestgiveri i Utvik, og bygde også hotell ”Victoria” på Rebakken i Breim.

Lunde Turiststasjon

vart grunnlagt på 1890-talet av Andreas Lunde, som og dreiv som breførar på ruta Lunde-Fjærland. Turiststasjonen kan i dag ta imot 46 overnattingsgjestar.

Skei Servicesenter

vart grunnlagt 1958 av Jorulf Fugle, og sidan 1986 drive av Ola Fugle. Senteret driv bensinstasjon, skysstasjon for rutebilane, kro og campinghytter, og sysselsette i år 2000 på årsbasis 7 årsverk.

Jølstraholmen Camping

vart grunnlagt 1963 av Engel og Leiv Hjelmbrekke. Vert idag drive av sonen Egil Hjelmbrekke, som sidan 1985 har bygd ut stort servicesenter med daglegvarehandel, bensinstasjon og kro - Jølstraholmen Senter A/S. Campingplassen har 9 store og 10 mindre hytter. Selskapa sysselsette i år 2000 15 årsverk, og hadde ei omsetning på kring 36 millionar kroner.


MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no