|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næringsliv i Jølster: Nielsens Hotell | I dag heiter verksemda Jølster hotell. (Foto: Torje Bjellaas, NRK) |
Nielsens Hotell (no Jølster hotell) på Vassenden vart bygd i 1888 av Nikolai Nilsen Vassenden, son av handelsmann Nils Olsson, som kom frå indre Årdal. Publisert 15.08.2001 10:51. Oppdatert 12.05.2003 13:44.På Vassenden hadde det vore skyss-skifte og gjestgiveri heilt frå tidleg 1700-tal. Nielsens Hotell hadde 3 etasjar, og var bygd i staseleg sveitsarstil. Nilsen var også engasjert i meieridrift på Vassenden. Anfinn Nilsen f. 1898 overtok drifta etter faren Nikolai, og var hotellvert og postopnar fram til sin død i 1940. Då gjekk hotellet over til Anfinns syskenbarn Kristian A. Støfring (1902–1965). Hotellet skifta då namn til Vassenden Hotell.
I 1941 vart hotellet rekvirert og brukt resten av krigen som forlegning for tyske soldatar.
| Jølster hotell har vore nytta som asylmottak. |
Bygningen er teke vare på i sin opphavelege stil, men fekk i 1964 eit påbygg i betong. Dette påbygget vart på 1980-talet ”kamuflert” og betre tilpassa det gamle bygget ved endring av takkonstruksjonen. I 1989 skifta Vassenden Hotell namn til Jølster Hotell. Dei siste åra har hotellet vorte brukt som asylmottak. Mottaket er no avvikla, og bygningen er på ny teken i bruk som hotell.
(Sjå fleire hotell under: Gjestgjevarstader i Jølster.)
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|