SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Jølster:

Spelemenn i Jølster

Jølster er kjend som ei av dei bygdene i Sogn og Fjordane som har fostra nokre av dei mest kjende spelemenn og slåttekomponistar.

Publisert 20.08.2001 10:44. Oppdatert 24.09.2001 14:41.

Spele-Samuel – Samuel Nilson Dvergsdal

f. 1807, var ein vidgjeten spelemann og slåttekomponist. Han var elles i nær slekt med komponisten Johannes Haarklou frå Haukedalen i Førde.

Spelemennene på Håheim

På Håheim budde det på 1800-talet to gode spelemenn: Ola R. Håheim og Søren Håheim. Det vert fortalt at då Søren vart gamal og deprimert, var det einaste som letta sinnet hans at Ola vart henta til gards for å spele for grannen.

Johannes B. Nedrebø

(1854–1934) frå Ålhus og

Ludvig M. Gjesdal

f. 1895 vert òg nemnde som dugande spelemenn.

Viken-familien

I Viken-familien frå Skei har det vore kjende spelemenn i fleire generasjonar: Ola Olsson Viken (1848-1926) var lærar, ordførar og ein framifrå spelemann. Sonen Anders Viken (1898-1976) tok opp arven, og er den mest kjende slåttekomponisten. Han har komponert over 500 slåttar, mellom desse ”Jølstrabrura” og ”Huldresølvet”. I 1998 fekk Anders Viken sitt minnesmerke framfor hotellet på Skei.
Sonen til Anders, Arne f. 1925 busette seg i Mo i Rana og har gjort ein stort innsats for nord-norsk musikkliv – og hardingfela tok han med seg frå Jølster.

”Paulen”-brørne

Moses, Adolf og Petter var både spelemenn og slåttekomponistar, og i nyare tid er det først og fremst Sigmund A. Eikaas som har vore den fremste spelemannen frå Jølstra-bygdene. Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa i 1969 etter initiativ frå Førde-mannen John Grov, og Sigmund Eikaas har det meste av tida sidan vore kunstnarleg leiar for dette spelemannslaget, som har vunne ei rad prisar på landskappleikar og andre stemne. Sjølv har Sigmund Eikaas
vunne ei rad førsteprisar i hardingsfelespel på landskappleikar, og har representert Noreg på mange folkemusikfestivalar i utlandet.

Fjellklang spelemannslag

I 1969 vart også Fjellklang spelemannslag skipa etter initiativ frå Johannes Befring. Laget rekrutterer i hovudsak spelemenn frå indre Jølster. I mange år var spelemann og slåttekomponist Lars Fjell den kunstnarlege drivkrafta i Fjellklang.

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no