SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Jølster:

Kraftverka i Jølster

Stakaldefossen er eit av to store elvekraftverk som Sunnfjord Energi eig i elva Jølstra.
Stakaldefossen er eit av to store elvekraftverk som Sunnfjord Energi eig i elva Jølstra.
Dei første kraftverka vart bygde på Helgheim, Ålhus og Skei i 1916. Mange av desse første småkraftverka var i drift langt fram på 1960-talet.

Publisert 20.08.2001 11:05. Oppdatert 27.12.2006 13:50.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Fossheim kraftverk [WM]  - sendt på NRK1 09.05.1995. Med kraftverkgründer Steinar Eide. Reporter: Håkon Haugsbø. Foto: Steinar Lote.
Fleire av kraftverka i Jølster fekk turbinane levert av Rasmus L. Bjørnereim på Byrkjelo. Løland-karane i Leirvik (sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft) bygde og monterte også fleire småkraftverk. I Jølster leverte dei såleis kraftverk til
Magnus S. Årdal i 1934, Sandal el.verk i 1943, Driva Kraftlag i Stardalen i 1946, og brørne Eikås ved Andreas S. Eikås i 1949.

Stort kraftverk på Vassenden

Eitt av dei største lokale kraftverka var kraftverket på Vassenden, som i tre byggjesteg vart utvida og leverte straum frå Sandalen i nord til Eikås i sør. Elias Kjelsnes styrde kraftverket og dreiv også sagbruk.
Kraftverka på Kjelsnes. Foto: Kåre Bjørnarheim

Like etter krigen vart mykje av kraftforsyninga organisert i to større einingar: Frå 1947 L/L Driva kraftlag i Stardalen, som tok seg av lokalforsyninga frå 2 kraftverk i Stardalen. L/L Jølster Kraftlag vart skipa 1950. Driva og Jølster kraftlag gjekk saman i 1960, og gjekk i 1985 inn i Sunnfjord E-verk saman med Naustdal og Førde, Seinare er dette vidare fusjonert til eininga som no heiter Sunnfjord Energi, og omfatar store deler av indre Sunnfjord og ytre Sogn.

Fossheim kraftverk

Steinar Eide i Fossheim kraftverk i 1995. (Foto: Steinar Lote)
I 1992 vart det gjeve konsesjon til bygging av Fossheim Kraftverk like nord for Skei. Kraftverket er eigd med 60 prosent på Sunnfjord Energi, 30 prosent av Firdakraft (heileigd av SFE), og 5 prosent på kvar av grunneigarane Steinar Eide og Johan Viken. Kraftverket vart sett i drift 1995, og har ein middelproduksjon på 28 gwh.

Kraftverk i Jølstra

I elva Jølstra eig Sunnfjord Energi to store elvekraftverk, i Stakaldefossen og Brulandsfossen. Driftskonsesjonen for desse kraftverka gjev løyve til å regulere Jølstravatnet med 1,25 meter.

Jølstravassdraget vart på 1980-talet forsøkt varig verna.

Planar om utbygging i Kjøsnesfjorden

Sunnfjord Energi i samarbeid med grunneigarar og Veidekke AS søkte om utbygging av kraftverk i Kjøsnesfjorden. Kraftverket skulle med ”takrenne” utnytte fleire elvar som renn ned i denne fjordarmen på Jølstravatnet, og produsere 228 gwh. Kraftverket var kostnadsrekna til 500 millionar kroner. Naturvernarar protesterte mot utbygginga. I 2002 avslo NVE søknaden om utbygging, men i september 2003 gjekk regjeringa likevel inn for kraftutbygging i Kjøsnesfjorden. Utbygginga vil kunne gje straum til 11.500 husstandar. Stortinget skal ta endeleg avgjerd før 2004.
Det mest synlege inngrepet ved nasjonalparken vil vere ei oppdemming av Trollevatnet. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no