SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Jølster:

Meierihistoria i Jølster

Mjølkerampe i Jølster. Denne er ikkje lenger i bruk. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Mjølkerampe i Jølster. Denne er ikkje lenger i bruk. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Ved omlegging av jordbruket frå naturalhushald til pengehushald på slutten av 1800-talet, var eit av dei viktigaste moderniseringstiltaka bygginga av meieri. Her kunne bøndene gjennom felles investeringar drive meir rasjonell produksjon av smør og ost for vidare sal. Bergen var den viktigaste marknaden for slike mjølkeprodukt på Vestlandet.
På få år grodde det opp tilsaman 26 større og mindre bygdemeieri i Jølster kommune.

Publisert 20.08.2001 11:12. Oppdatert 18.01.2007 10:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Dette var dei største:

Lyngstadfossen Meieri

på Veiteberg i Stardalen vart grunnlagt i 1890. Den første tida heitte det Veiteberg Meieri og dekte mykje av Stardalen. Ras og fonnfåre på transportvegen til meieriet gjorde imidlertid at folket på Åmot nokre år seinare bygde sitt eige meieri (sjå nedanfor). Dei første åra vart Lyngstadfossen meieri drive på vasskraft, men bytte seinare til dampdrift. Meieriet var eit reint smørmeieri.
Lyngstadfossen Meieri

Dvergsdal Meieri

starta 1895 med 8 leverandørar og eigarar. Første 5 åra leigde meieriet hus, men i 1900 bygde dei eiga bygning. Meieriet i Dvergsdal tok imot 50.000 liter mjølk årleg, og produserte berre smør fram til 1923, då dei starta ysteri. Osten vart selt direkte til handelsmenn i Bergen.

Vassenden Meieri

vart starta 1897 med 25 luteigarar. I 1941 vart talet på eigarar utvida til 70. Like før krigen vog Vassenden Meieri inn 400.000 kilo mjølk årleg, og var eit reint smørmeieri. Bygningane er idag restaurerte og tekne godt vare på. (Meieribygget er det torvdekte huset ned mot elva, like ved Jølstramuseet). I 1956 bygde Vassenden Meieri nytt bygg på øvre sida av riksvegen. Også dette står framleis.

Sunde Meieri

på Sunde starta i 1897. Fram til 1915 leigde meieriet rom hos Anders Sunde, då dei bygde eige bygg. Alle gardbrukarane på Sunde og Sægrov leverte til meieriet, som i tida frå 1920 til 1931 vart drive både som smørmeieri og ysteri. Produkta vart leverte direkte til kjøpmenn i Bergen.

Grungen Meieri

var den gongen det vart bygd i 1901 eit av dei største i Sogn og Fjordane. Grungen vog inn 350.000 kilo kumjølk og 40.000 kilo geitemjølk årleg. Grungen meieri fekk drivkrafta frå elva som renn frå Skei mot Breimsvatnet. Framleis kan ein sjå ruinane etter meieriet og restane av dampkjelen like ved E39.

Brenden Meieri

i Sandal kom også i gang i 1901. Meieriet hadde 11 leverandørar, og var eit reint smørmeieri som dei første åra leverte smør direkte til England. Seinare vart smøret levert til ein kjøpmann i Bergen.

Myklebust Meieri

vart starta i 1912 av dei 12 gardbrukarane i grenda. Også dette var reint smørmeieri, som omsette produktet gjennom Norske Meieriers Salgssentral.

Aamots Meieri og Stardalen Ysteri

på Veiteberg vart grunnlagt i 1912. Fram til meieriet bygde eige produksjonsbygg i 1930 var det 2 ysteri i krinsen. Ysteriet var berre i drift om sommaren. I meieri-delen vart det berre produsert smør, som dei omsette gjenom Vestlandske Mjølkesentral.

I mellomkrigstida pressa styresmaktene på for å få meir rasjonell meieridrift kringom i landet. Eit av pressmidla for større einingar var å ta bort den såkalla landsutjamninga (driftstilskotet) til dei minste meieria. Dette fekk også verknad for meieristrukturen i Jølster.

Jølster Meieri

på Ålhus vart skipa i 1939. Byggeplanane var klare, men på grunn av krigen vart ikkje bygget ferdig før i 1950. Den første tida produserte meieriet berre smør og brunost. Før straumforsyninga var skikkeleg utbygd, måtte meieriet sjølv syte for tilstrekkeleg straum frå eige dieselaggregat. Jølster Meieri var det klårt største i Jølster då det var ferdig, og hadde kapasitet på å ta imot 3 millionar kilo mjølk. For å skaffe denne produksjonsmengda sette meieriet opp eigne mjølkeruter med bil. Meieriet vart som det siste i Jølster lagt ned i 1988. I 1997 vart lokala ombygde, og huser no Eikaas-galleriet på Ålhus - sjå: Ludvig Eikaas.

Les meir om: Meieria i Jølster


MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no