SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Jølster:

Ulukker i Jølster

Omtaler ordna etter årstal. Berre ulukker med to eller fleire omkomne, eller under særkilde omstende, er tekne med.

Publisert 20.08.2001 11:34. Oppdatert 02.04.2008 08:26.

1689

I 1689 omkom ei kvinne frå garden Strand av skadene ho fekk då garden vart råka av snøskred fire dagar før ho døydde. Samstundes omkom ein soldat som budde på garden Dvergsdal, der fem hus vart øydelagde av snøras.

1822

I 1822 drukna dei to døtrene til Førde-presten Søren Hjelm Friis og skyssguten ved garden Flaten i nedre Jølster. Dei to jentene på 14 og 11 år var på veg heim etter eit besøk i prestegarden på Ålhus då eit steinras sopa sleden ut i elva Jølstra. Dei tre vart funne omkomne i Movatnet nokre dagar seinare.

1832

I 1832 vart ein mann frå Klakegg drepen av bjørn under jakt i fjella ved Kandal i Breim (sjå eigen artikkel under Bjørnesoger i Jølster).

1836

I 1836 vart ein mann på Myklebust sterkt skada av ein skadeskoten slagbjørn og døydde kort tid etter åtaket av bjørnen (sjå eigen artikkel under Bjørnesoger i Jølster).

1854

I 1854 drukna ein mann og 2 gutar i Jølstravatnet då dei skulle ro til kyrkje på Ålhus.

1855

I 1855 omkom to mann på Grepstad i Stardalen under ei snøfonn medan dei køyrde høy frå støylen. Fleire vart tekne av fonna, men berga seg.

1861

Ved ein brann i matstova på garden Fuglehaug ved Skei i 1861 omkom mor Gjertrud Fuglehaug, sonen Ola og dotterdottera Ågote Klakegg.

1862

drukna to born då eit ras i fjellet Orkja førde til ei stor flodbylgje i Jølstravatnet. I Orkja har det gått store ras både i 1684, 1862 og 1959.

Raset på Heggheim 1868

Vinteren 1868 var den hardaste snøskredvinteren som ein kjenner til på Vestlandet. 150 menneske omkom. Særleg ille var det 6. februar. Då omkom 24 menneske i Stryn. Ulukker råka også Luster, Sogndal, Balestrand og Jølster.
Her tok Grønskredfonna med seg heile gardstunet på Indre Heggheim i Stardalen. 14 menneske omkom. I det eine tunet omkom mor, far og 6 born. Berre tre av dei som vart tekne i raset, kom frå ulukka i live. På 125-årsdagen reiste Varden Ungdomslag ein minnestein på Heggheim.

1888

I 1888 omkom to personar, den eine Rasmus Befring frå Stardalen, i ei skyteulukke i Bolsetkleiva på veganlegget Skei-Våtedalen.

1921

I 1921 drukna 5 ungdomar frå Ålhus i Jøstravatnet då dei skulle ro til dans i Sandalen.

1926

Vinteren 1926 gjekk to unge kvinner gjennom isen og drukna på Jølstravatnet ved Strand.

1969

I 1969 omkom to gutar frå Dvergsdal då dei køyrde i Jølstravatnet med bil.

1977

Veslejulaftan 1977 omkom 4 unge kvinner frå Askvoll då dei køyrde ut i Jølstravatnet ved Juklestad.

1992

Like før jul 1992 omkom 4 personar då dei ved ei utforkøyring like sør for Skei drukna i Jølstravatnet.

1999

I mai 1999 miste ein ung mann frå Florø livet då han som busspassasjer var råka av ein stein som rasa frå fjellet ved Kjøsnesfjorden.

2003

Den 21. juli 2003 omkom syskena Sverre J., Johanna Tomine og Bjarne Befring i Stardalen i Jølster i ein silo etter at dei vart forgifta av gass og deretter drukna i vatn i siloen.

I desember 2003 miste ein ung mann begge beina då bilen hans vart råka av ein kjempestein som rasa frå fjellet ved Kjøsnesfjorden.

2004

Den 13. mars 2004 omkom ein mann frå Breim i eit snøras i Fagredalen ved Dvergsdalsdalen. 11 andre i ei skigruppe frå Indre Sunnfjord Turlag vart også tekne av raset, men berga seg.

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no