SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Jølster kommune:

Kjende personar i Jølster fødde år 1200-1850

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 21.08.2001 11:51. Oppdatert 01.02.2006 10:48.
Hovedmeny:
· Kjende personar i Jølster

Star på Kjøsnes

Bygdehovdingen Star skal etter ei gamal segn ha budd på Kjøsnes omlag på same tid som Audun Hugleikson rådde på Ålhus på 1200-talet.

Audun Hugleikson Hestakorn

f. kring 1240, og var son av den velståande bonden Hugleik som budde i Firda-fylket (Fjordane) – truleg på Hegranes i Jølster. Stallar, ambassadør og baron.

Christoffer Johannsson

(d. 1538) skal vere den første presten i Jølster etter reformasjonen. Han var frå Stockholm og hadde truleg vore munk. Men då han vart evangelisk prest, brende han opp alle helgenbileta i kyrkja på Ålhus. Bygdefolket vart så harme for dette at einkvan tok presten av dage då han var ute på eit soknebod.

Jakob Mortensson Masch

(d. 1678) vart sokneprest i Jølster i 1675. Han var kjend som ein framifrå gravørkunstnar, og koparstikka hans prydde mange norske velstandsheimar.

Zakarias Olsson Fossheim

(1714–1800) frå Fossheim. Han var sjølvlærd produkator (advokat), men fekk løyve til å prosedere saker for retten.

Else Åsmundsdotter Bjørset

(d. 1807) frå Bergen, gift med lensmann Tollef Hanssen Bjørset på Bjørset. Ho fekk påskjøning av Det Nyttige Selskab fordi ho hadde dyrka jord og sådd poteter, noko som var svært uvanleg på den tida ho levde. Sjå også: Første norske poteta i Lærdal?.

Nils Johannesen Nedrebø Møklebust

(1782–1836) frå Myklebust. Gardbrukar. Vart drepen av ein skotskadd slagsbjørn som det vart jakta på ved Orkja den 22. september 1836. – Les meir om hendinga i artikkelen "Bjørnen drap mann på Myklebust" under Bjørnesoger i Jølster .

Bendik Johansen (Jeremiassen) Øvrebø

(1791–1832) frå Klakegg. Bonde. Vart drepen den 13. oktober 1832 då han saman med tre andre var på bjørnejakt ved Kandalen i Breim. Han vart først sterkt såra av bjørnen før han vart råka av eit vådeskot frå ein av jaktkameratane. – Les meir om hendinga i artikkelen "Jølstring drepen av bjørn i Breimsfjella" under Bjørnesoger i Jølster .

Tor Hansson Veiteberg

(1795–1856) frå Stardalen var første ordførar i Jølster 1838-1842.

Anders Emmanuel Johanesson Ålhus

(1800–1887) var første ordførar frå Ålhus krins (nedre Jølster).

Johannes Zakariasson Sandal

(1803-1876), også kalla ”Store-Sandalen”, var mannen som tok initiativet til bygging av veg mellom Ålhus og Helgheim.

Samuel Nilsson Dvergsdal

(1807–1880) frå Dvergsdal. Bonde og kjend spelemann og slåttekomponist, som gjekk under namnet ”Spele-Samuel”. Han var også ordførar.
Samuel var nær slekt til komponisten Johannes Haarklou. Sjå også: Spelemenn i Jølster.

Ludvig Kristensen Daa

(1809–1877). Historieprofessor og politikar. Som son av soknepresten i Jølster, budde han på Ålhus i barndomen.

Erik Olsen

(1816–1881) Sokneprest i Jølster frå 1864 til 1871, då han p.g.a. sjukdom gjekk av med pensjon. I nokre år etter dreiv han privat skule i Jølster for ungdom som ville førebu seg til examen artium. Han budde dei siste åra av livet i Kvinnherad.

Olav Poulson

(1822–1896). Lensmann i Jølster frå 1855–1860, då han tok imot tilbodet om å verte direktør for Fylkesbaatane, og flytta til Bergen. I Bergen var Poulson medlem av ei arbeidarforening, og var med å skipa mållaget Vestmannalaget i 1868. Gav ut m.a. lesebøker og bibelsoger på nynorsk. Vararepr. på Stortinget frå Nordre Bergenhus Amt 1859-1860.

Georg Fredrik Chr. Fasting

(1837–1914). Skulemann og forfattar som hadde sin oppvekst på prestegardane i Jostedalen, Jølster (1845-1857) og Førde. Utdanna prest, og tok seinare doktorgraden med avhandlinga ”Fromheden og elendigheden”. Gav ut ei rad lærebøker og bøker med religiøst innhald.

Nils Samuelson Dvergsdal

(1842–1921) frå Dvergsdal. Bonde på Helgheim, og politikar. Nils Samuelson Dvergsdal var m.a. ordførar og medlem av styret i Fylkesbaatane. Vararepr. for Moderate Venstre på Stortinget 1895-1900.

Andreas Lind

(1843–1921), lensmann i Jølster 1870-1919.

Christian Astrup

(1844-1920). Gift med Petra Konstance Lodz f. 1860. Prest.

Tollef Gabrielsson Skrede

(1849-1933) frå Skei. Bonde og hotellbyggjar.

Cathinka Lind

(1845-1943) var lensmannsfrue på Ålhus. Ho fekk interesse for og lærde seg dei gamle vevteknikkane i Jølster, og starta vevkurs for kvinner.

Neste side:
· Kjende personar i Jølster fødde år 1850-1900
Hovedmeny:
· Kjende personar i Jølster


MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no