Førre side:
·
Kjende personar i Jølster fødde år 1200-1850
(1851–1920) Jurist, statsråd og amtmann i Sogn og Fjordane 1885-1902.
(1852-1915). Ingeniør og forfattar som var fødd i prestegarden på Ålhus, men voks frå femårsalderen opp på prestegarden i Førde, der han er gravlagd.
Johannes Gundersen
(1856–1930) frå Støfring starta i 1895 bakeri på Hafstad i Førde. I 1930 overtok Bertel Kvaal bakeriet, og bygde nytt forretningbygg i 1939. Bygningen husar idag klesforretninga La Belle.
fødd Johannes Monsson Dvergsdal (1860–1928) frå Dvergsdal. Pedagog og professor i zoologi i USA.
Andrea Sandnes
(1860-1939) Veverske, som m.a. fekk Norges Vels diplom og gullmedalje for arbeidet sitt for husfliden i 1927.
Samuel Andersson Kjøsnes
f. 1860 frå Skei. Musikkoffiser ved IR10 på Nordfjordeid. Leia militærmusikken som på folkemunne i Eid vart kalla ”Kjøsnes-musikken”.
(1861–1952) Fødd på Sunde i Jølster, var ein av dei første som starta handel på Skram i noverande Måløy sentrum kring 1888.
|
Anton E. Fond |
Anton E. Fond
(1866-1938) frå Stardalen. Lærar frå 1893 i Myklebust og Sandal krinsar i 20 år. Kjend som nær ven av Nikolai Astrup. Fond var sjølv ein habil kunstmålar.
Bendikt Mosesson Svidal
(1866–1905) frå Svidal. Bonde og gartnar. Han hadde gått gartnarskule i Kristiania, og dreiv grønsakdyrking og frøproduksjon på garden sin, noko som var svært uvanleg i denne innlandsbygda på 1800-talet. Bendikt fekk mange utmerkingar når han mønstra produkta sine på utstillingar.
Johannes Abrahamsson Hjellbrekke
(1866–1926) frå Hjellbrekke. Han gjeve ut boka ”Jons forlovelser”, truleg 1890. Boka vart gjeven ut anonymt.
Johannes Zakariasson Fossheim
(1867–1964) frå Fossheim. Lærar og klokkar, som m.a. skipa og var første leiar i Jølster helselag. Han dreiv også ein kveldsskule på Helgheim.
(1867–1942) frå Øvrebø. Lensmann og sparebankstyrar.
Tor H. Veiteberg
(1869–1947) frå Stardalen. Bonde, og ordførar 1911–1920. Stod sentralt i skipinga av
Jølster Kommunale Automobilselskap i 1919.
Nikolai Olsson Berg
(1875–1956) frå Berg. Bonde, kunstmålar og fotograf, som gjennom fotoarbeidet har sikra viktig dokumentasjonsmateriale frå Jølster-bygdene frå eldre tid.
Ludvig D. Klakegg
(1877–1965) frå Klakegg. Bonde og ordførar 1920-1929. Styreformann i
Jølster Kommunale Automobilselskap og seinare i Firda Billag.
(1878–1907) typograf og forfattar, som m.a. har gjeve ut ei diktsamling ”Fra Folkelivet”, og ”Glimt fra Jølsters fortid” i 1901.
Johannes Aalhus
(1880–1910) frå Ålhus. Lærar og målmann, som m.a. heldt kveldsskule med opplæring i nynorsk. Han stod sentralt i målstriden kring 1905, der ein av motstandarane av nynorsk i skule og kyrkje var presten
Christian Astrup.
(1880–1928, fødd i Kalvåg, Bremanger. Oppvaksen i Jølster. Ein av dei største kunstnarane i Noreg tidleg på 1900-talet. Fleire av bileta hans er selde på auksjonar for kring fire millionar kroner.
Ola Knutson Sandnes
(1881–1972) frå Sandnes. Lærar og rektor ved Ålesund høgare almennskole. Gjorde ein stor innsats for husflidsarbeidet på Sunnmøre. Gav boksamling på 2000 bind til Jølster. Bror av
Samuel Knutson Sandnes. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1963.
Knut Huus
(1882–1971) frå Skei. Budde lenge i Amerika, før han kom tilbake og busette seg i Gloppen, der han gav ut dikt- og novellesamlinga ” Plogland og vårsol” i 1962.
(1886–1967) frå Ålhus. Lensmann og Bondeparti-politikar.
(1886–1965) frå Huus. Starta Huus Bokhandel i Førde tidleg på 1920-talet.
Jeremias J. Klakegg
|
Klakegg-huset var ferdig restaurert i 2002. |
(1886-1966) frå Klakegg, starta i 1912 landhandel i Førde, seinare også børsemakar og urmakar. Bygde den store trebygningen ”Klakegg-huset” som framleis står i sentrum sør. Etterkomarane driv no m.a. Cubus-forretninga i Handelshuset.
Daniel Olson Viken
(1886–1935) frå Jølster. Lærar og Arbeiderparti-politikar som busette seg i Nes på Romerike, der han vart ordførar i 1929. Gav i 1922 ut diktsyklusen ”Røykfritt krut”. Vararepresentant for Akershus på Stortinget 1925-1927 og 1931-1933.
Olina Martinusdotter Fossheim
(1887–1970) fødd i Dvergsdal. Kjend føregangskvinne i veving og husflid i Jølster.
(1889–1942), fødd i Samnanger. Språk-professor og stadnamnekspert.
Johanna Årdal
f. 1889, frå Årdal. Bygde og dreiv Jølster Gamleheim på 1930-talet, og dreiv gamleheimen privat til Jølster kommune tok over drifta kring 1960.
(1890-1980). Lærar, skuleinspektør og lokalhistorikar som busette seg i Førde, der han var aktiv i sogelag og som styremedlem i Sunnfjord Museum.
(1890–1981) frå Vassenden. Bonde og treskjærar, som m.a. fekk stor merksemd kring arbeida sine på landsutstillinga i Bergen i 1928.
Ragnvald Heggheim
(1890–1944) frå Heggheim. Garveriarbeidar. Omkom under den allierte bombinga av den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944, då tilfluktsrommet på T.H. Kleivdals Lærfabrikk vart råka av ei bombe.
(1891-1984). Prest, seinare biskop i Bjørgvin 1948-1961.
(1891-1995) frå Skei, fødd Bolset. Meierske og bygdediktar.
(1891–1972) frå Eikås. Anleggsbus, småbrukar og ein av dei fremste venstre-radikale politikarane i Sogn og Fjordane på 1920-talet.
(1892–1982) frå Vassenden. Lærar og museums-samlar, som bygde opp det privatdrivne Jølstramuseet på Vassenden.
Anders Flaten
(1892–1956) frå Eikås i Jølster. Starta landhandel i Førde i ei sjøbu saman med to kompanjongar. Bygde i 1930 eige forretningsbygg der Glasmagasinet Flaten ligg idag.
Johan Huus
(1892–1947) frå Jølster. Marinbiolog , zoolog og professor ved Bergen Museum 1945. Var m.a. medredaktør av verket ”Norges dyreliv”.
(1892-1966) fødd på Sunde. Gift 16 år gamal med kunstmålar Nikolai Astrup.
Johannes Befring
(1893–1975) frå Stardalen. Oberstløytnant i Frelsesarmeen og forfattar. Misjonær i Indokina fram til 1922. Redaktør av ”Krigsropet” 1942-1958.
Har gjeve ut ei rad bøker med religiøst innhald, og reiseskildringar frå tida på misjonsmarka i Indokina, Java og Sumatra. Tildelt Kongen fortenestemedalje i gull.
(1898-1976) frå Skei. Bonde og folkemusikar.
(1899–1974) frå Eikås. Lærar og grunnleggjar av den vidgjetne Heimeyrkesskulen i Jølster.
(1899–1945) frå Kjøsnes, busett i Bergen. Postbetjent og motstandsmann under 2. verdskrig.