SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Jølster kommune:

Kjende personar i Jølster fødde år 1930-1950

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 21.08.2001 14:51. Oppdatert 23.01.2007 12:19.
Førre side:
· Kjende personar i Jølster fødde år 1900-1930

Ola Dagfinn Årdal

f. 1930 i Årdal. Bonde og pelsdyroppdrettar, som i mange år har hatt ein av dei beste besetningane av rev i landet. Har vunne ei rad førsteprisar på utstillingar. Bror til Norvald Årdal. (sjå denne nedanfor).

Jon Skrede

f. 1931 på Skei. Hotelleigar. Kom med i drifta av familiehotellet Skei Hotell 1954, og leia verksemda til 1996. Bygde ut hotellet frå 48 til 210 senger. Dreiv også drosjekøyring og var poststyrar på Skei.

Martin Johannes Huslid

(1931–1996) frå Skei. Diplomat. Starta tenesta i UD 1957. Arbeidde m.a. ei tid i Norges Eksportråd, og hadde lang teneste ved delegasjonen i Geneve før han i 1981 vart ambassadør same stad. Frå 1990 til 1995 ambassadør ved FN, New York, og frå 1995 til sin død norsk ambassadør i Brüssel.

Dagfinn Hjellbrekke

(1931-1998) frå Hjellbrekke. Lærar og målreisingsmann. Lektor ved Akademiet i Rauland. Har vore leiar i Noregs Mållag. Bror til Kjellaug Lillengmo (sjå denne under Kjende personar i Jølster fødde år 1900-1930).

Astrid Myklebust

(1934-2007), frå Stardalen. Biletkunstnar.

Kristian Fossheim

f. 1935 på Skei. Fysikkprofessor ved Norges Teknisk-Naturvitskapelege Universitet, Trondheim.

Norvald Nilsson Årdal

f. 1935 i Årdal. Kjøpmann i Førde, der han saman med Lasse Grønfur starta to store matvareforretningar under namnet ”Blinken”. Starta 1986 matvareforretninga ”Bravo Matsenter” i Handelshuset i Førde. Bror til Ola D. Årdal (sjå denne ovanfor).

Sverre Øygard

Sverre Øygard

f. 1935 i Stardalen. Jordskifteoverdomar og Senterparti-politikar i Førde. Kommunestyre-og formannskapsmedlem, medlem av fylkestinget, og ordførar i Førde 1984-1988.

Eivind Fossheim d.y.

f. 1935 i Oslo. Journalist, og eigar av det private Jølstramuseet på Vassenden.

Edvard Befring

f. 1936 i Stardalen. Professor i spesialped. og pedagogikk.

Elsa Eikaas

f. 1937, frå Vassenden. Formingslærar og biletkunstnar.

Magne Dvergsdal

f. 1937 i Dvergsdal. Tannlege og politikar.

Ivar Helgheim

f. 1938, frå Helgheim, busett i Ski i Akershus. Lege og forretningsmann.

Ottar Befring

f. 1939 i Stardalen. Offiser, bonde og Arbeiderpartipolitikar. Fylkesmann.

Bjørn Nordberg

f. 1940, frå Vassenden, busett i Førde. Billags-direktør og organisasjonsmann.

Gunnar Smaadal

f. 1942, frå Vassenden. Lærar og krumtapp i musikklivet i Jølster. Som dirigent har han leia Vassenden skulemusikk fram til fleire fylkesmeisterskap for korps, og gode plasseringar i landstevlingar. Han er også leiar for Jølster Musikklag og Jølstrakoret.

Arne D. Dvergsdal

f. 1944 i Dvergsdal. Siv. økonom, som m.a. har vore økonomisjef og adm. dir. i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og seinare adm. dir. i Hardanger-Sunnhordlandske Damskipsselskap - HSD.

Hallvard Viken

f. 1944 på Skei. Siviløkonom og eigar av Audhild Vikens Vevstove.

Rasmus Sunde

f. 1944 i Vik, sjå denne under Kjende personar i Vik fødde år 1900-1950, oppvaksen i Jølster, busett i Balestrand. Historikar med doktorgrad i migrasjonshistorie, og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ingebjørg Støfring

f. 1945 i Jølster, busett i Oslo. Diplomat.

Gerd Dvergsdal.

Gerd Dvergsdal

f. 1946, frå Dvergsdal. Gardbrukar og Senterparti-politikar.


Leif Kapstad

f. 1947 i Bygstad, busett på Vassenden. Lege og admininistrerande sjukehusdirektør.

Sigmund Eikås

f. 1947 frå Eikås. Bonde, spelemann og organisasjonsmann.

Kari Støfringsdal

f. 1947. Bondekone, husstellærar og kokebokforfattar.
Edvin Helgheim


Edvin Helgheim

f. 1947 i Jølster, busett i Florø. Lærar, jorunalist og kultursjef.

Neste side:
· Kjende personar i Jølster
Hovedmeny:
· Kjende personar i Jølster


MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no