SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Askvoll:

Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund

Sauesund. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Sauesund. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Sauesund ligg på søraustsida av Atløy, like ved kystleia.
Her har det vore skysstasjon og gjestgiveri sidan 1622.

Publisert 23.08.2001 09:49. Oppdatert 22.01.2007 10:20.
Første gjestgjevar var tyskaren Heinrich Bloch. I fiskeværet Hindøy på vestsida av Atløy vart det ei tid drive eit gjestgiveri som sorterte under gjestgjevaren i Sauesund. Den første tida var Sauesund viktigast som gjestgjevarstad og skysskifte, men på slutten av 1700-talet tok handelen seg opp.

I 1778 vert det nemnt at gjestgjevaren Claus Frantzen Wulf tok til å selje tobakk. Frå 1793 var det Elias Marthinsen Zitzelou som dreiv staden, og då han drukna i 1807 tok enkja Berthe-Susanne over til 1839.

I 1840 vart Sauesund seld til Wilhelm Conrad Herford, og 1847 til Anders Matland frå Fusa, som seinare selde til Oscar Christian Svanøe.
Sauesund ca. 1900. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Aud Elsa Grøneng

Flytting frå Sauesund til Skaret

Svanøe dreiv til 1900, då han selde eigedomen til Davik Sørenson Høyvik. Han og broren Abraham hadde vore ein tur til Amerika, og det vart Abraham som ei tid leigde butikken i Sauesund før han flytta til Skaret.

Broren David tok då over butikkdrifta på den gamle handelsstaden fram til han døydde i 1949. Då overtok sonen Sverre Høyvik. David hadde også starta krabbefabrikk i 1911, og kunna ha opptil 70 arbeidarar i sesongen. Både landhandelen og krabbefabrikken var i drift til 1954.
Postopneriet for denne delen av Atløy heldt til i Sauesund frå 1899 til 1901.

Sauesund vurdert som by

Då regjeringa i 1858 sette ned ein kommisjon som skulle vurdere plasseringa av ein ny by (ladested) i Sunnfjord, var Sauesund eitt av tre alternativ.

Sjå også:
· Skipsfella i Sauesund



MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no