Den første som bygde eit lite kraftverk i Sogn og Fjordane, var
Truls Rasmussen Vassenden i Loen som hadde lært om den nye teknologien i England.
|
Plankerenne frå demning til tunnel i Stongavassdraget. Foto: Paul Stang |
Men få år etter produserte fossekrafta i Dyrneslivassdraget i Vadheim (sjå
Vadheim Elektrochemiske Fabrikker) og Stongavassdraget i Stongfjorden elektrisk straum til den første elektrokjemiske industrien.
|
Stongavatnet ovanfor Stongfjorden er oppdemt for kraftforsyning. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker starta i 1897-1898 med jodproduksjon, og i 1907 overtok
British Aluminium Company vassdraget og bygde Skandinavias første aluminiumsfabrikk. Samstundes vart fabrikkbygningar og bustadhus i Stongfjorden utstyrte med elektrisk lys, og bygda fekk gatelys.
Paradoksalt nok tok det nærpå 60 år før dei siste utkantgrendene i Askvoll fekk elektrisk straum. Det var Eimind og Follevåg - berre nokre kilometer vest for Stongfjorden.
Holmedal tidleg ute
Men i "industrisenteret" Holmedal var ein svært tidleg ute med lokale kraftverk ved Trollefoss Ullvarefabrikk (1900) og margarinfabrikken "Flora" (1901). Fram til 1920 vart det bygd fleire småkraftverk i Holmedal. Ein av dei som ville ha elektrisk lys i huset var den tyske forfatteren
Karl Friedrich Kurz. Han bygde sitt eige ved villaen i Vårdal.
Ei målsetjing for Ålfotselskapet (sjå
Ålfotsaka) kring 1920 var å levere straum frå Ålfoten m.a. til aluminumsverket i Stongfjorden. Linenettet dit omfatta m.a. fjordspennet over Førdefjorden ved Vevring. (Det var i dette umerka fjordspennet at fire menneske miste livet i 1996, då eit ambulansehelikopter frå Airlift rende seg i leidninga og havarerte.)
I 1922 fekk sentrum i Askvoll elektrisk straum frå Stongfjord-stasjonen, seinare frå Ålfotselskapet.
|
Arbeid på Markevatn Kraftstasjon i Skorva-vassdraget. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune. |
Midt på 1930-talet fremja YFK søknad om å byggje kraftstasjonar i Skorva-vassdraget ved Flokenes. Men planen var lagt mellombels til sides då Svultingen-anlegga i Hyllestad vart bygde og forsynte også Askvoll med straum frå 1941. Kraftline frå Hyllestad gjekk til Markevatn i Skorva-vassdraget, der YFK no hadde bygd kraftverk.
|
Kraftstasjonen ved Øvre Markevatn nesten ferdig. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Straumlause øysamfunn
Ute i øyane måtte bedriftene i lang tid syte for straumforsyning sjølve. Ved Sauesund Hermetikkfabrikk dreiv eit bensindrive aggregat maskinene frå 1936 til 1950, og handelsmann og fisketilvirkar Peder Nikøy i Bulandet installerte bensindrive aggregat i 1937. mange prøvde også med vindmølledrift av små, private kraftverk.
Etter 2. verdskrig sette YFK i verk "Øygardsprosjektet" for endeleg å skaffe straum til øyane i Askvoll og Flora. Det vart lagt sjøkabel til dei fleste, med unntak av Bulandet og Værlandet, som måtte nøye seg med dieselaggregat. Dette vart drive av eit lokalt kraftlag, som fekk driftstøtte frå staten, kommunen og YFK. YFK overtok drifta i 1950, og la sjøkabel til Bulandet-Værlandet i 1955. Men kabelen var sårbar, og det gamle dieselaggregatet kom mang ein gong til nytte seinare når straumen frå fastlandet svikta.