Hans Thiis Nagel (ca. 1700-1769. Fut i Sunnfjord og Nordfjord frå 1731.
Før det hadde han vore konstituert fut både i Fjordane og i Sogn. I 1750 utnemnd til kongeleg kammerråd. Kjøpte i 1749
Svanøy-godset av Cecilia Catharina de Lillienskiold, som var enkje etter
Morten Svanenhielm. Nagel flytta då frå futegarden Fure i Fjaler til Svanøy. I dei 20 åra Nagel eigde godset, bygde han ut Svanøy Hovudgard til å bli eit av dei flottaste gardsanlegg på Vestlandet. Han kjøpte sjølv over 100 gardar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Thiis Nagel eigde m.a. storgarden
Osen gard i Bygstad som han i 1750 skøytte over til svigersonen, kaptein Fredrich von Storm som medgifte.
Hans Thiis Nagel var gift med Kristine Margrethe Worm, dotter til styrar
Jens Worm ved det kongelege koparverket i Årdal (sjå
Årdal Koparverk), og far til fut
Jens Worm Nagel.
Tre av døtrene gifte seg med lokale rikfolk: Margrete med kaptein von Storm på Osen gard, Anne Laurentze med kjøpmann
Peder Pederson Tonning og Ingeborg Catrine med sorenskrivar og historieskrivar
Hans Arentz, som budde i Dale og var mannen bak "Sønfjords Beskrivelse" frå 1785.