|
Soldat på øving vaktar aministrasjonsbygget til HV-10 på Skei. (Foto: NRK) |
Stamkvarteret for HV 10 på Skei vart skipa 1990 etter ein årelang lokaliseringskamp. Stamkvarteret for Heimevernet i Sogn og Fjordane og Hordaland låg fram til då på Bergenhus, saman med leiinga for Hæren på Vestlandet.
|
Oberstløytnant Gumund I. Haugen vart sjef for HV-10 i 1984 og første sjef ved stamkvarteret på Skei. |
Alt kring 1960 vart det reist krav om flytting av HV-leiinga til Voss, men nokre år seinare gjorde Stortinget prinsippvedtak om at HV-10 -leiinga skulle flyttast til Sogn og Fjordane. Førde-regionen var mest aktuell på 1970-talet. Men også Eid kommune med sine stolte IR 10-tradisjonar (sjå
Eksersisplassen på Nordfjordeid) melde seg på, ikkje minst fordi Eid nyleg hadde fått øvingsanlegget Firda Kaserne.
Nye kommunikasjonsliner i fylket (Skei-Sogndalslina) gjorde at Skei vart vald. Her vart det m.a. bygd eit stort
|
Bygget på Skei inneheld også lager for militært materiell. |
administrasjonbygg, og stamkvarteret sysselset kring 30 personar.
HV 10 omfattar Sogn og Fjordane fylke, Voss og Hardanger.
HV 10 nedlagt – Skei-anlegget vert helseinstitusjon
Stortinget vedtok i 2004 at HV 10 på Jølster skal leggjast ned innan 1. januar 2006 og funksjonane flyttast til Åndalsnes og Bergen. I 2005 kjøpte Bergen Diakonissehjem alle eigedomane til Forsvaret på Skei for 9,3 millionar kroner for å nytte dei til eit senter for livsmeistring. Eigedomen omfattar forutan administrasjonsbygget seks bustader og ei tomt på 25 dekar. Bergen Diakonissehjem reknar med at senteret skal gje arbeid til 10–15 personar.