Førre side:
·
Kjende personar i Askvoll fødde før år 1800
|
Georg Prahl Harbitz (© Fylkesarkivet) |
(1802-1889). Prest i Askvoll og politikar. I 1848 vart han den første stortingspresident som Stortinget valde sjølve.
Johan Peter Gjertsen
(1802–1892) frå Atløy. Prest, handelsmann og agitator for fråhaldssaka. Emigrerte til USA, der han som prest m.a. gav ut ei kristeleg sangbok.
fødd Sørebø (1806-1889) frå Sørebø i Hyllestad, busett i Askvoll, og skifta etternamn frå Sørebø til Askevold. Lærar, ordførar 1858-1863 og stortingsmann 1854. Far til
Anders Askevold.
(1808-). Sokneprest i Askvoll 1840-1878. Gjorde opptaket til skiping av
Hyllestad kommune i 1861.
Bertel Andreasson Zitzelau
(1812-1877) vert nemnd i bygdeboka som den første som dreiv handel i noverande Askvoll sentrum. Han var kalla "Han Bertel med Sjøen".
(1816–1895) frå Holmedal. Bonde, lærar, målmann og politikar.
(1825-1904) frå Holmedal. Amtsagronom og husmorskulestyrar.
(1832-1911) fødd i Bergen. Studerte landbruksfag i Danmark og Skottland, og tok i 1859 med seg 10 skotske svartfjeslam tilbake til Noreg.
(1834-1900). Kunstmålar og arkitekt. Vert rekna som ein av dei fremste norske romantiske målarane frå ”Düsseldorfar-skulen”.
(Eikenes) (1838-1921) frå Eikenes ved Dalsfjorden. Misjonsprest.
Reinhardt Jørgenson Steen
(1842-1920) fødd i Eid. Lensmann i Askvoll frå 1873, og bonde på Røyset frå 1871. Hadde ei rad kommunale og fylkeskommunale verv. Tildelt Borgardådsmedaljen.
|
Bernt Madssen Askevold (© Fylkesarkivet) |
Bernt Madssen Askevold
(1846-1926). Prest, lærar og forfattar. Emigrerte til Amerika, men kom tilbake til Askvoll 1922. Gav ut forteljingar i bokform, delvis med lokal koloritt, og ein del religiøse bøker.
(1848-1924) - amtskulelærar, målreisingsmann og politikar.
(1849-1919) fiskar og eventyrar frå Askvoll.
Mathias Askevold
(1854-1919) frå Askvoll. Bladmann og forfattar av eit par bøker med skrøner. Gav også ut boka om bygdekjempa ”Storevikjen” - Ola Storevik.
(1857-1935), bonde, redaktør og venstrepolitikar.
(1859-1954) frå Bergen. Overrettssakførar og industrigründer.
|
Endre Vindheim |
Endre Vindheim
(1861–1947) frå Holmedal. Lærar og målmann, og var ein av dei fremste tillitsmenn i målrørsla i Sunnfjord kring 1900.
(1866-1938). Jus-professor og norsk målhøvding i tida frå ca. 1900 til 1938.
(1867–1952) på Haugen, busett i Stongfjorden. Ingeniør.
(1868-1918) frå Bergen, busett i Holmedal. Agronom og industrigründer.
Anders Madsen Gil
(1870-1950) frå Eimind. Forkynnar og forfattar. Gav ut over 20 religiøse bøker, og var medskipar av ”Kristelig Folkeblad” på Voss.
Gjertrude Johanne Engebø de Rochlenge
(f. 1870) frå Holmedal utvandra til Amerika. Der vart ho profesjonell songarinne, og turnerte i USA i 21 år. Hadde også fleire turnear i Europa.
Oluf Andreas Osland
(1872–1940) budde i Flokenes. Utdanna forstmann, Høgrepolitikar som m.a. var ordførar i tidlegare Vevring kommune i fleire periodar, og aktiv i fiskeriorganisasjonar. Vararepresentant til Stortinget 1931-1933.
(1873- ). Bonde og politikar.
(1874–1952) frå Hegrenes. Bonde og politikar for Venstre, seinare Bondepartiet.
(1874-1962) frå Nedre Eiker, busett på Helle. Industrileiar.
(1878-1965) frå Bulandet, busett i Smørhamn. Fiskar, organisasjonsmann og Venstre-politikar.
(1878-1962). Sveitsisk kunstmålar og forfattar som slo seg ned og bygde stor villa i Vårdal i 1924.
Karl Johan Grane
(1879-1962) frå Askvoll. Skomakar, med framståande verv i Skomakarmesternes landsforbund. Redaktør av fagtidsskrift, og gav ut fleire lærebøker i skomakarfaget.
(1883-1975) frå Kvammen. Forretningsmann, fiskebåtreiar og oppfinnar.
|
Minnestein over Andreas J. Hollevik. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Andreas J. Hollevik
(1886-1958) frå Staveneset. Forretningsmann og direktør. Han reiste til klippfiskbyen Kristiansund, og handelen med klippfisk var grunnen til at han emigrerte til Sør-Amerika og bygde opp eit stort handelshus i Rio de Janeiro. Her handla han med norsk klippfisk og eksporterte kaffi. Ved kyrkja i Askvoll er det reist ein minnestein med portrett av Hollevik.
(1886–1964) frå Gjelsvik, busett på Farstad i Hustad kommune i Romsdal. Bonde og jorddyrkingspionér.
(1888–1923) frå Stongfjorden. Fotograf og fabrikkarbeidar.
(1892–1970) frå Askvoll. Redaktør i avisa
Firda 1928-1964. Han overtok då forlagsretten til avisa frå
Kristian Ulltang med fleire, og saman med sønene Per og Oddvar Nordeide, som seinare vart redaktørar arbeidde han opp avisa til å verte ei av dei største i fylket.
Hans Andreas Høvig
(1893-1927) frå Askvoll, busett i Kina. Reiste til Kina der han slo seg opp som forretningsmann. Vart norsk visekonsul i Hangkow.
Abraham Loftheim
(1893-1966) frå Loftheim. Bonde, offiser, bankkasserar og lokalhistorikar. Skreiv på 1950- og 1960-talet bygdebøker og gards- og ættesogene for dåverande Askvoll kommune.
(1894–1942) frå Stongfjorden. Matros og krigsseglar.
(1896-1943) frå Værlandet. Bonde og fiskar.
Signe Eimind Olseth
(1897-1981) frå Eimind. Redaktør i Det Hvite Bånds blad, og har gjeve ut 3 romanar.
Kristoffer Olai Svoren
(1899–1942) frå Askvoll, busett i Innvik. Fiskeskipper. Omkom saman med fire menn frå Sør-Vågsøy då lastebåten ”Store Bill” frå Måløy vart bomba av russiske fly på hamna i Honningsvåg den 22. juli 1942. (Sjå også
Krigshistoria i Vågsøy).
Kristoffer Andreas Lutenthun
(1899–1940) fødd på Lutentun, busett på Vilnes. Skipskaptein og krigsseglar. Reiste til sjøs 16 år gamal og tok seinare styrmanns- og skipperskule. Omkom då D/S ”Hop” kom bort på veg frå Bergen den 3. februar 1940 til Middlesbrough.
Frank Andreas Tellefsen
(1899–1940) frå Vestre Moland, busett i Askvoll. Stuert og krigsseglar. Omkom då D/S ”Dokka” vart senka av ein tysk ubåt mellom Barry-Docks og Quebec den 17. oktober 1944.