SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Vågsøy

Bustader og forretningsbygg i Måløy. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Bustader og forretningsbygg i Måløy. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Måløy vert økonomisk senter

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 og til 1910 var Selje og Vågsøy ein kommune, med Selje både som kyrkjestad og som administrasjonssenter.

Publisert 24.08.2001 09:30. Oppdatert 12.04.2007 08:16.
Endring i fiskeria og motorisering av fiskeflåten gjorde Måløy til det naturlege fiskerisenteret i Nordfjord frå slutten av 1800-talet. I 1900 vart Vågsøy skilt ut frå Selje som eigne kyrkjesokn.

To Vågsøy-komunar vert skipa

Etter sterke lokale ynskje, vart så kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune i 1910. Grensa mellom Nord- og Sør-Vågsøy gjekk på Vågsøya mellom Oppedal og Kvalheim i vest (Stallbrekka), og i aust noko sør for Ulvefaldene. På fastlandssida hadde Sør-Vågsøy grense mot Selje ved Hagevik, og mot dåverande Davik kommune ved Angelshaug.
Måløy var administrasjonssenter i Sør-Vågsøy, Raudeberg i Nord-Vågsøy. Første ordførar i Sør-Vågsøy var kjøpmann Kristen J. Sunde, og i Nord-Vågsøy lensmann Olaf Refvik.

Kvifor to små kommunar?

Sjølv på den tida - då det var langt fleire kommunar i Sogn og Fjordane enn no - vart dei to Vågsøy-kommunane dei aller minste i areal i heile fylket. Kva var så grunnen til at Vågsøya vart delt slik – i to kommunar? Forklaringa låg i den bondedominerte Nord-Vågsøy: Sjølv om Raudeberg hadde fått nokre få ”avleggarar” frå Måløy-veksten, så var bygdene i Nord-Vågsøy framleis sterkt dominerte av den tradisjonelle næringskombinasjonen jordbruk og fiske. Nord-vågsøyværingane såg difor med otte på at deira landbruksprega bygder kunne verte overkøyrde av dei ”urbane” og handelsretta måløyværingane dersom dei gjekk saman i ein felles Vågsøy-kommune.

Etter at kjøpmann Kristen J. Sunde og kommunestyrerepresentantane S. Skavøpold og Hans Våge i eit felles brev tok opp spørsmålet om utskiljing av Vågsøy som eigen kommune i 1906, så protesterte folket i Nord-Vågsøy. Og dei vart høyrde: I eit samrøystes Selje kommunestyre den 31. oktober 1906 vart det vedteke å søkje oppdeling av storkommunen Selje i tre kommunar: Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og Selje.
I Justisdepartementet vart søknaden om oppdeling av Vågsøy i to mini-kommunar møtt med undring; særleg fordi det no var planlagt veg mellom Måløy og Raudeberg. Men trass i skepsisen i departementet vart søknaden om tredeling komen i møte, og i 1910 vart kommunedelinga gjennomført.

Men sjølv om Vågsøy vart delt i to kommunar, fekk dei felles lensmann. Då Vågsøy lensmannsdistrikt vart skipa i 1917 vart Olaf Refvik, som var ordførar i Nord-Vågsøy, tilsett. Han budde på Raudeberg, og heilt fram til vegsambandet Måløy-Raudeberg vart opna i 1923 måtte Refvik rykkje ut med motorbåt når noko dramatisk hende sør i Måløy!

100-årig krav om bystatus

Ambisjonane om bystatus på line med Florø hadde Måløy-folket alt på 1890-talet: I eit innlegg i ”Fjordenes Blad” (Fjordabladet på Nordfjordeid) i 1897 stiller ein innsendar spørsmålet: ”Naar skal Moldøen blive by?”. I samband med skipinga av Sør-Vågsøy kommune i 1910 vart spørsmålet om bystatus reist på nytt, og den eineståande reguleringsplanen som kommunen fekk utarbeidd for Måløy i 1918 – med mange gater, alléar og parkar, bytrikk, jerbanestasjon og fastlandsbru – legg også opp til at staden utviklar seg mot bystatus. Også i 1930 tok handelsforeninga opp kravet om bystatus utan å få gjennomslag. I 1946 tok huseigarane i den sålkalla ”bygningskommunen” Måløy på nytt opp kravet om at Måløy med omland måtte verte bykommune. Først etter at kommunestyra sjølve fekk høve til å utpeike byar, vart Måløy i 1997 – 100 år etter at saka først vart reist - den tredje byen i fylket etter Florø og Førde.

Heradsheim i 1916 med Måløy vassverk under bygging i framgrunnen. (Foto © Fylkesarkivet)

Tidleg ute med rådhus

I 1915 vart rådhuset ”Heradsheim” i Måløy sentrum bygd (Byggmeister Olav Fagerlid, Raudeberg). I Heradsheim heldt elles Ulvesund Kreditbank, postkontor og telefonstasjon hus. Nord-Vågsøy bygde eige kommunehus i 1920. Det brann i 1930. Heradsheim fungerte som rådhus for Vågsøy kommune fram til 2008, men kommunen leigde også kontorlokale i andre bygningar i Måløy. I 2007 gjorde kommunen avtale med eigedomsselskapet Skramsheim ved Amund Gotteberg om å leige eit større forretningsbygg ved Gate 1 på Skram – der Måløy Glasmagasin held til - som rådhus. Bygget vart mykje utvida nordover for å gje plass til dei kommunale kontora.

Nord-Vågsøy bygde eige kommunehus i 1920. Det brann i 1930. Sidan heldt kommuneadministrasjonen til i sparebanken sitt bygg. Begge Vågsøy-kommunane fekk store økonomiske problem i krisa på 1920-talet, men fekk i 1938 ei gjeldsordning. – Les også historia om Stryn kommune og Flora kommune kring gjeldskrisa på 1920-talet.

Møte i Vågsøy kommunestyre.

Ny storkommune

Ved kommunereguleringa (Schei-komitèen) 1965, vart Sør- og Nord-Vågsøy kommunar slegne saman, med Måløy som administrasjonssenter. I nord fekk Vågsøy kommune tillagt bygdene Sørpollen, Osmundsvåg og Silda frå Selje kommune. På fastlandet i aust fekk Vågsøy bygdene t.o.m. Bryggja/Maurstad frå den nedlagde Davik kommune, og dessutan øyane i Fåfjorden: Husevågøy og Gangsøy. Men sjølv om den nye Vågsøy kommune no vart ”storkommmune” og vart ein av dei folkerike kommunane i Sogn og Fjordane, så vart den framleis den minste kommunen
i fylket i areal.

Mange bygdelister

Heilt fram på 1990-talet var kommunepolitikken i Vågsøy prega av eit uvanleg stort tal bygdelister utan partipolitisk tilknyting. Under striden kring fastlandssamband tidleg på 1960-talet, fekk ei eiga ”Bruliste” med skyssbåtførar Karl Lofnes i spissen inn representantar i kommunestyret (sjå Måløybrua).

Politisk leiing:
· Ordførarar i Vågsøy kommune

Andre historiesider:
· Historia i Vågsøy
· Krigshistoria i Eid


MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no