Hovedside:
Kjende personar i Selje.
St. Sunniva
etter legenden ei irsk kongsdotter som saman med ei gruppe heilage menn rømde over Nordsjøen og slo seg til på Seljeøya, der Albanus-klosteret i dag står. I skrifter frå 1190, skal Albanus vere bror til Sunniva (sjå Albanus nedanfor). Relikvieskrinet med angande bein frå Sunniva vart 1170 ført frå Selja til Kristkyrkja i Bergen. (Sjå
Selje kloster og Sunniva-legenden.)
Albanus
som klosteret på Seljeøya er kalla opp etter, vart den første engelske martyr, halshoggen år 303 der byen St. Alban ved London idag ligg. Klosterkyrkja på Seljeøya er ei av fleire kyrkjer vigde til St. Albanus. – Segner frå 1100-talet vil ha det til at hovudet til martyren Alabnus er gravlagd på Seljeøya, og at han var bror til St. Sunniva (sjå
Selje kloster og Sunniva-legenden), men segna og slektskapet samsvarar ikkje med dei historiske fakta om Alabanus.
Håkon Sigurdsson Ladejarl
(ca. 935-995) - Sjå
Ragnvald frå Ervik .
(968–1000), konge i Noreg 995–1000.
Kong Olav Kyrre
grunnla i 1068 bispedømet Selja. Hovudsetet låg på Selja til ca. 1170, då relikvieskrinet med levningane etter St. Sunniva vart flytta til Bergen, og ”bispestolen” fylgde med.
Bjarnvard den sakslendske
var første biskop på Selja (1068-1093), utnemnd av kong Olav Kyrre. Han vart etterfylgt av bispane Svein, Magne (1093-1130), Ottar (1130-39), Sigurd (1139-1156), og Pål (1157-1194). Pål fekk flytta Sunniva-skrinet frå Selje til Bergen 1170, og med relikvieskrinet også bispesetet.
( slutten av 900-talet) frå Ervik på Stad. Lokal hovding.
(1610–1677)er kjend som prestefrua som ”sleit ut” fire sokneprestar som ektemenn!
Jakob Rasmusson Studt
(1619-1659), prest i Selje 1647-59. På folkemunne vart det sagt at han hadde fått Svarteboka og kunne mane etter studieopphald i Wittenberg. Han var kunnskapsrik, og vart brukt til å tyde innskrifter på gamle bautasteinar på Giske. Det var Studt som fekk kyrkja flytta frå Bø til Hove. Han var gift med
Maren Sørensdotter Friis.
Claus Johansson Frimann
(1666–1715), hadde vore res. kap. i Eid før han vart prest i Selje 1709. Diktarpresten
Claus Frimann var sonesonen. Under denne presten og den dyktige kona hans Anna f. Harboe, bygde Frimann-slekta opp store eigedomar i Nordfjord.
Neste side:
Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900