SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Lyster Sanatorium - Harastølen

I fjellsida over Luster ruvar eit digert, gamalt mursteinsbygg. Hadde det vore i Mellom-Europa, kunne ein tru det var eit gamal borg eller eit alpehotell som klora seg fast der oppe. Men dette var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i landet - Lyster Sanatorium.

Publisert 27.08.2001 11:05. Oppdatert 04.12.2006 10:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Lyster Sanatorium vart bygt av St. Jørgen Stiftelse i Bergen. Det skulle tene som tuberkulosesjukehus for Vestlandet. Dei fleste pasientane kom frå Bergens-regionen, men det kom pasientar frå heile landet. Sanatoriet var i drift fram til midten av 1950-talet.

Bakgrunnen for Lyster Sanatorium

Tørt klima, fureskog og helst i tynn fjelluft. Det var resepten ein trudde på i gamle dagar for å kurere folkepesten tuberkulose. På Harastølen fann ein heile "pakken" - den låg på ei høgde og i eit klima som ein på den tida rekna som "immunsona" mot sjukdomen.

Ein del av fasaden på Luster Sanatorium i 1952. (Foto: Norsk Film/NRK)

Lyster Sanatorium vert bygt

I 1900 var planane for Harastølen klar. Sjukehuset i tre høgder skulle få 96 senger og moderne kur- og operasjonssalar. (Ved ei utviding i 1924 vart kapasiteten auka til 120 senger, og var komen opp i 150 senger i 1950).
Byggeplanen i 1900 omfatta også eige vaskeri, stall og ishus - og ikkje minst ei elektrisk driven taubane frå dampskipskaia ved fjorden og opp på "fjellhylla". Det skulle også byggast ein 6 km lang veg med 13 svingar opp lia.

Taubanen og kraftverket til sanatoriet nede ved Lustrafjorden. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Kalkylen viste at det store sjukehusanlegget skulle koste 456.000 kroner - ein enorm pengesum i dei dagar. Det meste av pengane vart skaffa til veges i Bergen: Bergen kommune ytte garantiar for 200.000 kroner, og velståande byborgarar for 175.000 kroner. Sluttsummen viste seg å bli 777.000 kroner då anlegget vart innvia den 2. november 1902.

På opningsfesten var det helsingstelegram frå både det svensk-norske kongeparet, stortingspresident Carl Werner og skipsreiar og seinare statsminister Johan Ludwig Mowinckel. Nokre år seinare vart det også bygt overlegebustad, to familiebustader for fyrbøtar og gartnar, og "søsterbustad" for pleiarane. Harastølen fekk også eige kapell med likhus.

Pasientar og personell første halvdel av 1920-talet. Kvinna fremst i senga er Jørgine Flekke som fekk tuberkulose då ho var i USA, og reiste heim for å døy. Men ho vart frisk og levde til ho vart 84 år. (© Fylkesarkivet)

Kuring utandørs

Her vart pasientane "kura" utandørs. (Foto: NRK/Norsk Film 1952)
Det første behandlingstilbodet - før vaksinen mot sjukdomen kom etter 2. verdskrig - var delvis operasjonar - delvis ulike kurar. Kurane på Harastølen besto m.a. i at pasientane skulle luftast dagleg. Dei skulle "kurast", som denne luftinga vart kalla. Der låg dei sommar som vinter på uttrilla senger, godt innpakka i posar av reinsdyrskinn. Ein svær baldakin langs heile sørveggen heldt regn og snø borte frå lufteplassen. Rundt sjukehuset var det bygt ein stor park med spaservegar der pasientar som var sterke nok til det, kunne mosjonere.

Blåsing av lungene

Operasjonsstova.
Oparasjonsteknikken besto mykje i såkalla "blåsing". Når tuberkulosen angreip lungene, åt den nærmast opp vevet - tærte det - slik at det danna seg store holrom i lungevevet. Desse galdt det å tette att, og det vart gjort ved at ein punkterte lungehola slik at den sjuke lunga klappa saman der holromma hadde danna seg, og såra grodde saman.
Dei som har levd nokre år, kan sikkert hugse folk som hadde teke desse operasjonane. Dei var litt skeive i ryggen og nedsigne i skuldra på den sida som dei var lungeopererte. Moderne legar karakteriserer denne operasjonsmetoden som temmeleg effektiv.

Feitt frå eigen grisefjøs

Frisk og tørr luft, gjerne i fureskog skulle gjere godt. Det same skulle god og næringsrik kost vere. Pasientane på Harastølen vart nærmast feita opp på kraftig mat, og sjukehuset hadde eigen grisefjøs der ein syrgde for at grisane fekk eit ekstra tjukt spekklag før dei vart slakta og borne til bords!
Elles var det vanleg at pårørande og andre velgjerarar sende mat og godsaker i rikelege mengder til pasientane på Harastølen.

Kvar jul sende ein rikmann i Bergen ei last med appelsiner til pasientar og betjening på Harastølen.
Griseslakt på Lyster Sanatorium

Eit lukka samfunn

Avstanden ned til bygda, smittefåren ved sjukdomen og at dei fleste pasientane var tilreisande, gjorde Harastølen til eit nokså avsondra og lukka samfunn. Sanatoriet hadde til og med eige postopneri.
På Harastølen utvikla det seg difor eit eige sosialt liv. Heile komplekset vart i 1902 bygt slik at kvinner og menn vart strengt avskilde: Det var to sengefløyer, operasjons- og kurrom og eigne matsalar for kvart av kjønna. Denne kjønnsdelinga heldt ein strengt på heilt til ei større ombygging i 1937, leia av mangeårig overlegte Trygve Gjessing. (Gjessing var overlege på Lyster Sanatorium i 11 år. Ein annan markant overlege var Fridtjof Lund Johansen som arbeidde ved sanatoriet frå 1946 til han døydde i 1959).

Frå kjøkkenet på Lyster Sanatorium

Sjølv om det var streng kjønnsdeling innandørs, så var det lov for jenter og gutar å kome saman på dei romantiske "svermestiane" i parken, likeså i dei utsmykka forsamlingssalane når det vart arrangert festar, kino, konsertar eller teater. Her var det m.a. møblar frå den kjende treskjærarskulen til Magnus Dagestad på Voss, og freskomåleri (1950) av Rolf. W. Syrdahl på veggane.
Mange av tub- pasientane var som nemnt unge menneske, og dei som var friske nok til det, deltok i enkle idrettsaktivitatar og leikar i parken utandørs. Det vart skipa til konsertar, og pasientane sette opp skodespel kvar nyttårsaftan og 17. mai. Etter at skipsreiar Jacob Kjøde og andre rikfolk i Bergen gav Harastølen eit filmframsyningsapparat i 1937, vart det kino ein gong i veka. Pasientbiblioteket innheldt 1.700 bind. Mange av dei sosiale aktivitetane vart organiserte av pasientlaget "Fram" då dette vart skipa i 1940.

Lyster Sanatorium vert lagt ned

I kampen mot tuberkulosen kom det eit gjennombrot - det skjedde like etter 2. verdskrig. Då kom effektive vaksinar mot sjukdomen, og ein stor del av den norske befolkninga vart vaksinert mot tuberkulose i løpet av få år. Dermed var grunnlaget borte for drifta av Lyster Sanatorium. Men andre tok over bygningane.

(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)


SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no