SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Verd å sjå i Førde

Rumensk gruppe spelar på utekonsert under Den Intenasjonale Folkemusikkfestivalen i Førde. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Rumensk gruppe spelar på utekonsert under Den Intenasjonale Folkemusikkfestivalen i Førde. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Publisert 29.08.2001 08:34. Oppdatert 07.02.2006 20:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Førde kyrkje

med barokk altertavle frå 1643, rekna som eit høgdepunkt i norsk barokk-kunst.

Førdehuset

med m.a. storhall, symjehall med vass-sklie, Sogn og Fjordane Teater, Fylkesbibliotek og Kunstsenteret Førdehuset med salsutstillingar og kunstsal frå magasin. Kunstsenteret er frå 2004 ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Kunstmuséet Prestebøen

ligg vegg i vegg med Førdehuset. Utandørs er det særeigen skulpturpark. Frå 2004 er Kunstmuséet Prestebøen ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Store og tilgjengelege kunstsamlingar finn ein òg i Førdehuset, Førde Sentralsjukehus og Rica Sunnfjord Hotell.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

ligg vegg i vegg med Førdehuset. (Sjå også: Kulturinstitusjonar i Førde).

Galleri G

privat kunstgalleri med vekslande salsutstillingar.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Ein av dei største folkemusikkfestivalane i Norden med konsertpublikum på kring 25.000. (Sjå også: Kulturinstitusjonar i Førde).

Kjempeskulpturen «Laksen»

på 65 meters lengd på Utstillingsplassen, laga i 1989 av dansken Jørn Rønnau. To hundre meter lenger nede ved elvekanten står ein skulptur av Oddvar Torsheim, laga av Stig Eikaas.

Sunnfjord museum

Movika. Samling av 25 gamle sunnfjordhus, og gjenstandssamling i utstillingsbygg.

Huldefossen

ved jordbrukskulen på Mo, fossefall på 90 meter. Brukt som kjennemerke (logo) for Folkemusikkfestivalen. (Sjå bilete under: Jølstravassdraget.)

NM i lerdueskyting i Kråkenesmarka 1999. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Førde Skyttarstadion

Kråkenesmarka. Skyteanlegg for baneskyting og terrengskyting, der det har vore arrangert to landsskyttarstemne. Eigne leirdue-, løpande elg- og pistolbaner. Fleire skyttarhus med forsamlingssalar og garderobar.

Hovudanlegg for langrenn

med preparerte lysløyper ligg på Langeland, i nabokommunen Gaular.

Alpinbakken i Blomlia. (Foto: NRK)

Sunnfjord Skisenter

Blomlia i Kråkenesmarka. Skitrekk, 1200 meters alpinbakke, snøproduksjonsanlegg. Eigen bakke for kulekøyring, lysløype for langrenn. Kiosk og varmestover.


Fiske i Haukedalsvatnet

kjend som eit av landets beste aurevatn (sjå bilete nedanfor).
Haukedalsvatnet er kjent som eit av landets beste vatn for aurefiske. (Foto: NRK)


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no