Prokurator
Andreas Gunnerus Lind var første ordførar i Førde frå 1838–1840.
Kring 1870 vart det skipa Bondeven-forening i Førde, etter initiativ frå Søren R. Holsen. Dette var det første politiske ”partiet” i fylket, og var den lokale avleggjaren av det som på riksplanet også var kjent som ”jaabækianarar”, etter opphavsmannen for rørsla, stortingsmann Søren Jaabæk.
Naustdal skild ut
I 1887 skreiv 100 naustedøler under på eit krav om at Naustdal måtte bli skilt ut som eigen kommune, og i 1896 vart dette vedteke ved kongeleg resolusjon.
Ved kommunereguleringa i 1965 fekk Førde grendene på sørsida av fjorden frå Naustdal – d.v.s. grendene langs fjorden frå og med Furevik i aust til Heilevang i vest, og dessutan Fauske og Solheimsdalen. Solheimsdalen krins vart knytt til Førde med veg i 1975.
I lang tid vart
Tingstova i Sjøahola brukt som møtelokale for kommunestyret. Frå 1902 til 1960 heldt kommune-administrasjonen til i Gamlebanken i Kyrkjevegen. Frå 1960 har kommunen leigd lokale i Førde Varehus, eigd av Andreas og seinare sonen Frank Hjelmeland. Kommunen planla på 1970-talet å byggje rådhus der Domus/Mega-varehuset ligg idag, men planen vart skrinlagd.
Bystatus
Aud Viken, Arbeiderpartiet, vart i 1988 første kvinnelege ordførar i Førde.
Førde vart by i 1997.
Idag grensar Førde kommune mot Jølster ved Moskog, mot Sogndal på Jostefonn, mot Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, mot Askvoll vest for Heilevang og mot Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og til øvre Angedalen.