Sogn og Fjordane opplevde frå hundreårskiftet og framover ein sterk økonomisk vekst: På kysten skapte eit eventyrleg torskefiske sterk vekst i Måløy og Florø. I fjordbygdene blomstra turistnæringa, og industriselskap la planar for ei storfelt utbygging av vasskrafta og kraftkrevjande storindustri m.a. i Høyanger.
Kampen om linevalet
Drakampen om jernbanespora starta då linevalet for
Bergensbanen (Oslo-Bergen) skulle fastsetjast. Indresogningane mobiliserte: Dei ville ha Bergensbanen bygd omlag etter same line som E16 fylgjer idag gjennom Lærdal og Aurland. Eit folkemøte i 1890 i Sogndal med 300 deltakarar sette press bak kravet, og fekk seinare støtte frå fylkestinget. Men trass i mannsterke delegasjonar og intens lobbyverksemd, vedtok Stortinget i 1894 at Bergensbanen skulle byggjast over høgfjellslina Voss-Finse. Som ein kompensasjon vart det vedteke å byggje sidespor til Flåm, men det skjedde etter ein bitter feide med Vik, som kjempa for sidespor frå Voss til Vik over Vikafjellet. Frå Flåm skulle toget skyssast med jernbaneferge over Sognefjorden.
Jernbane gjennom heile fylket
Også på nordsida vart det kamp om linevalet vidare: Sogndal og Luster ville ha jernbanehamn i Sogndal og samband til Lom og Otta gjennom Jostedalen. Midtre Sogn lanserte Hella-Fjærland-Skei med tunnel under Jostedalsbreen og stakk til og med lina. Men den sør-nordlina som til slutt sigra, var Vadheim-Førde-Sandane. Frå denne kunne det byggjast sidespor til den nye industribyen i Høyanger og til fiskerihamnene Måløy og Florø. I Florø regulerte ein jamvel plass til ein stor jernbanestasjon i Hesteneset! I Gaular var det m.a. aktuelt å leggje sidespor frå hovudlina ved Sande og ned til Bygstad.
På Hovlandsøyra i Vadheim og på Austrheim ved Sandane skulle det byggjast jernbanehamner, sjå t.d.
Vadheim jernbaneterminal og "
Plan om jernbanehamn på Austrheim". I Vadheim kunne ein seinare knyte seg til ei vestlandsk "stamjernbane" frå Bergen – den såkalla
Trædals-lina. - Men kvar skulle jernbanen gå vidare frå Nordfjord? Stryningane kjempa for jernbane over Strynefjellet til Otta. Nordfjordingane lenger vest ville ha jernbanen via Sunnmøre til Trondheim.
Alle kjempa for sitt
"Alle" kjempa for jernbanespor til sin kommune. Fylkesmann
Ingolf Christensen måtte bruke all sin autoritet for å presse gjennom ei nøktern ynskjeliste. Utan ei hard prioritering ville ikkje distriktet få noko, hevda han. Det viktigaste var å sikre sidesporet frå Bergensbanen til Flåm. Dernest "stambana" Vadheim-Sandane.
Og slik vart det: I transportplanen frå 1920 vart desse to prioriterte, men berre
Flåmsbana vart bygd og gjort ferdig av tyskarane i 1940. Fylkesmann Christensen fekk bysten sin på sokkel på Flåm stasjon som "Flåmsbanas far".
Vegar som kompensasjon
Resten av dei storfelte jernbaneplanane på Vestlandet støva ned i ein skuff fordi bilen viste seg suveren som landverts transportmiddel i den fjordrike landsdelen. Som plaster på såret for dei som hadde tapt kampen om jernbane, øyremerkte Staten i mellomkrigstida pengar til bygging av såkalla "kompensasjonsvegar".