SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Førde og Gloppen:

Firda Billag

Rutebilstasjonen i Førde. Venterom og hovudkontoret til billaget i bygget til høgre. Bak til venstre ligg bussgarasjane. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Rutebilstasjonen i Førde. Venterom og hovudkontoret til billaget i bygget til høgre. Bak til venstre ligg bussgarasjane. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Firda Billag er i dag eitt av dei største rute- og transportselskapa i landet med 390 tilsette, og har mellom anna spela ein sentral rolle i skiping og drift av Norway Bussekspress.

Publisert 29.08.2001 09:42. Oppdatert 25.01.2007 08:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

I 2005 hadde Firda Billag ei omsetning på 400 millionar kroner.

Turistruta Vadheim-Sandane la grunnlaget

Dei nye Fylkesbaat-rutene frå Bergen som saman med faste dampbåtruter mellom Bergen og England som kom på slutten av 1800-talet, la grunnlaget for den nye turistnæringa i fjordafylket. Vadheim vart innfallporten til ei populær turistrute som gjekk gjennom Sunnfjord til Sandane. Der tok turistane antan fylkesbåten tilbake til Bergen, eller dei reiste vidare til indre Nordfjord.
Vognmenn med hest og kjerre stod for trafikken i dei første 23 åra etter at det vart skipa eit offentleg skyss-samband på vegstrekninga Vadheim-Sandane. Kring skysstasjonane i Vadheim, Sande, Førde, Vassenden, Skei, Breim og Sandane vart det på kort tid bygd fleire hotell.
Då dei første automobilane dukka opp her i landet kring 1900 var det mange lokale hotellvertar og skysskarar som såg at bilen kom til å avløyse hesteskyssen som transportmiddel. Difor vart det hotelleigarane i Nordfjord og Sunnfjord som gjorde opptaket til det som seinare utvikla seg til rutebillaget Firda Billag. I liknande utvikling kjenner vi att frå skipinga av Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L i 1914, og frå skiping av mindre rutebillag i Fjærland, Sogndal-Luster og Lærdal på same tid.

Forløparen var A/S Fjordenes Automobilselskap

Men det skulle likevel vise seg at det var folk utanfrå som først freista å kapre konsesjonen for rutebiltrafikk på den attraktive strekninga Vadheim-Sandane: I 1908 søkte K. Bjørkhus frå Sykkylven om å få starte bilrute på strekninga, men både han, eit Ålesunds-firma og eit selskap i Oslo fekk avslag.
Det første opptaket til eit lokalt tufta billag for Sunnfjord og Nordfjord vart gjort i 1910. Då orienterte hotelleigar Christian A. Ryg ved Hotel Gloppen fylkesmannen om at hotellfolket planla ei bilrute for turistar mellom Vadheim og Sandane.
I 1911 vart det endeleg gjeve løyve, og i 1912 rulla den første bilen mellom Sandane og Vadheim. Det var Karl Mjelva sin hotellbil frå Geiranger (sjå om Mjelva under Stryn kommune –”turisme”) som var leigd til denne første ”PR-turen”.
Etter denne prøveturen i 1912 vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa. Sentrale personar ved skipinga var Christian A. Ryg på Sandane og Peter Tenden, som eigde Hotel Central på Visnes i Stryn. Alt i 1899 hadde denne bilinteresserte hotellverten på Visnes gjort ein mislukka freistnad på å starte ei lokal bilrute mellom Faleide, Visnes og Mindresunde. No såg han meir lukrative utviklingsliner i turistruta Vadheim – Sandane – indre Nordfjord.

Strid og kløyving i turistnæringa

Men bruk av bil mellom Vadheim og Sandane førde til mykje strid mellom hotellvertar som meinte at ein skulle halde på den gamle hesteskyssen og dei som heller ville satse på den nymotens bilen.
Det skulle etter kvart vise seg at Christian A. Ryg på Sandane, Peter Tenden i Stryn og nokre få hotellvertar elles i indre Nordfjord vart ståande åleine i trua på bilen. Andre hotelleigarar på strekninga Sandane-Vadheim var stort sett bilmotstandarar. Dei fekk god støtte frå bygdefolk som meinte at dette rykande og støyande monsteret stort sett berre var til plage for andre køyrande og dessutan skremde både folk og fé. Striden enda med at Sunnfjord og Nordfjord Turistforening vart kløyvd.

Fylkesmannen pådrivar for offentleg rutedrift

Førde-mannen Ingolf Christensen vart fylkesmann i Sogn og Fjordane i 1910. Han ivra sterkt for offentleg drift av ruteselskapa i fylket. I dei 19 åra han var fylkesmann, gjorde Christensen ein banebrytande innsats for utbygging av vegar og offentleg rutedrift i heile Sogn og Fjordane. I 1920 fekk han utarbeidd ein samla transportplan for fylket som vekte åtgaum over heile landet.
Ei av hjartesakene for fylkesmann Christensen var å få bygd ei vestlandsk stamjernbane gjennom fylket - omlag etter same line som E 39 fylgjer i dag, og med sidegreiner til Høyanger, Florø og Måløy. Men det synte seg at jernbaneplanen kom for seint: Bilen hadde alt vist seg som det mest fleksible transportmiddelet på landjorda – ikkje minst på eit fjell- og fjordrikt Vestland – og jernbaneplanane vart lagde bort.
– Les meir om dei storfelte jernbaneplanane i Sogn og Fjordane i eigne artiklar under dei einskilde kommunane.

Rolv Henden i 1966. (Foto: NRK)

Kommuneeigd ruteselskap

Men om fylkesmann Christensen ikkje fekk innfridd sine draumar om eit jernbanenett i fylket, så fekk han med seg kommunar i Sunnfjord og Nordfjord på å skipe eit interkommunalt eigd rutebilselskap i 1920. Namnet vart Firda Billag. Billaget var på mange vis ei vidareføring av A/S Fjordenes Automobilselskap fordi det tok over både bilar og ruter etter dette første laget. Ein av bilane som Firda Billag arva, var ein tyskbygd ”Adler” som er restaurert og framleis går som ei klokke. Personbilar med nedleggbar kalesje vart nytta som rutebilar heilt fram til billaget fekk sin første buss i 1933.
Kristen Henden på Sandane, som hadde vore disponent for Fjordenes Automobilselskap, var disponent dei to første åra. Deretter overtok kjøpmann Anders E. Sølvberg i Førde, og sidan har administrasjonen lege i Førde. Sølvberg var driftsstyrar fram til 1937. Ananias Byrkjeflot vart disponent 1937-1940, Rolv Henden 1940-1982 og sidan 1982
Firda Billag har vore eit offentleg eigd transportselskap fram til i dag (2006).
Gjennom åra har selskapet teke opp i seg fleire mindre rutelag i Gaular, Jølster, Sørstranda i Gloppen, Hyen og i Fjærland.
Billaget har i dag (2006) konsesjon på rutebiltrafikk i alle bygdene på sørsida i Nordfjord, i heile Sunnfjord med unntak av øyane i Bremanger, og kommunane Balestrand, Høyanger og Hyllestad i ytre Sogn, samt Fjærland.

Bjørn Nordberg har vore disponent i Firda Billag sidan 1982.

Deling og spenningar kring rutelaga i Nordfjord

I Nordfjord vart rutebiltenesta delt mellom to store, interkommunale billag: Nordfjord og Sunnmøre Billag og Firda Billag. Med unntak at Gloppen, fastlandssida av Bremanger kommune og i Stryn kommune til og med Innvik, er det framleis Nordfjord og Sunnmøre Billag (no Fjord 1 Nordfjord – Ottadalen) som har rådd grunnen.
Dette hadde samanheng med at det ikkje kom vegsamband rundt inste fjorden før vegen Olden-Innvik vart opna i 1936. Firda Billag fekk difor rutetrafikken som kom frå sør, til og med Innvik, og har den same nordlege avgrensinga på konsesjonsområdet sitt framleis.

Men det var ikkje berre mangelen på vegsamband skapte eit varande skilje – og tildels spenningar - mellom dei to offentleg eigde rutebillaga i Nordfjord: Like etter 2. verdskrig var det stor mangel på bilmateriell i eit krigsherja Noreg, og både på Sandane og i Stryn vart det starta små bussfabrikkar. Nordfjord og Sunnmøre Billag bygde frå 1946 i alt 43 bussar på eigen verkstad i Stryn fram til 1965, då den store bussfabrikken Vest Karosseri vart starta i Stryn, med Nordfjord og Sunnmøre Billag og Fylkesbaatane med dotterselskapet Sogn Billag som store aksjonærar.
Men Firda Billag stod utanfor dette samarbeidet om Vest Karosseri, og grunnen fann vi på Sandane: Her hadde sjåføren Edvard Solheim starta bussfabrikk i 1947. Firda Billag var kunde hjå Solheim, og heldt fram med det også etter at nye eigarar tok over i 1954 og skipa Sandane Karosserifabrikk.
Så då ruteselskapa i fylket på 1960-talet tok opp tanken å byggje ein stor bussfabrikk ein stad i fylket, arbeidde Firda Billag, med disponent Rolv Henden i spissen, iherdig for at ein slik fabrikk skulle utviklast vidare frå den fabrikken som alt var på Sandane. Etter ein hard lokaliseringsstrid mellom Gloppen og Stryn, fekk stryningane bussfabrikken Vest Karosseri i 1965, og med den alle dei offentlege tilskota som fylgde med.
Eit resultatet av denne kappestriden mellom Stryn og Sandane vart at Firda Billag ikkje var kunde hjå Vest-Karosseri så lenge Rolv Henden var billagssjef!
Rutebilstasjonen til Firda Billag i Førde i 1952. Då heldt billaget til på sørsida av Jølstra. Foto: Reiakvam

Rutebilstasjonar

Fleire stader i rutedistriktet sitt har Firda Billag bygd rutebilstasjonar med kaféar og godsterminalar. Ein av dei mest kjende var den såkalla ”Karikaféen” på Sandane som vart bygd ved det noverande torget like etter 2. verdskrig. Då billaget bygde ny stasjon lengre sør på Sandane på 1970-talet, vart den gamle busstasjonen i funkisstil verna.
I Førde vart det bygd stasjons- og garasjebygg med bensinstasjon i sentrum sør i 1938 (bygget er no ein del av Grønfur-familiens varehus og kontorbygg). I 1962 vart rutebilstasjon, godsterminal, verkstad og administrasjon flytta nord om Jølstra til Storehagen, der rutebilstasjonen ligg idag. Denne flyttinga bar til før Førde hadde teke til å vekse for alvor, og lokalpolitikarane meinte difor at når billaget valde å plassere rutebilstasjonen sin ute på ”bondelandet” i Storehagen, så fekk dei koste vegen dit sjølve! I dag er denne vegstubben i Førde ein av dei sterkast trafikkerte gatene på Vestlandet!

Skuleruter og mjølkebil

Midt på 1950-talet råka nedleggingsbylgja ei mengd små grendeskular kringom i bygdene. I staden for grendeskular kom sentralskulane, og med dei bussrutene. Småbygdene fekk på denne måten ikkje berre ein skulebuss, men også ein rutebuss som også tok andre passasjerar og gods. Ofte vart desse bussane bygde som kombinerte passasjer- og godsvogner med eit romsleg lasterom bak passasjerseta.
Ei anna viktig transportoppgåve for Firda Billag var mjølkerutene som kom då dei små bygdemeieria vart bytte ut med større sentralmeieri frå kring 1950 og utover. Mjølkerutene vart ofte utførde av kombi-bilar som også hadde plass til passasjerar.
I tillegg til vanlege, reine godsruter vart lastebilparken til Firda Billag flittig brukt til snøbrøyting og arbeid for vegstellet, og trailer- og kjølevogner har faste oppdrag for fabrikkar og fiskeverksemder i regionen.

Rutebilstasjonen i Førde. (Foto: Arild Nybø © 2001)

Eige reisebyrå

Alt i 1961 tok Firda Billag opp tanken om å få skipa det første reisebyrået i fylket, og med løyve frå Samferdsledepartementet kom Fjordane Reisebyrå i drift i Førde i 1965. Sidan fekk reisebyrået avdelingar i Høyanger og Sandane. I 2006 tok Travelnet Fjordane Reisebyrå også over Travelnet Sognefjord Reisebyrå i Sogndal frå den tidlegare eigaren Fjord 1 Sogn Billag AS.
Billaget har også skrankeekspedisjonen og transport til Førde Lufthamn, og er ein stor aktør i turbussmarknaden, særleg i turisttida om sommaren.

Linjegods

Firda Billag kom med i Linjegods-systemet då det vart skipa av NSB og norske rutebillag i 1972.
I 1991 freista Fylkesbaatane, HDS (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap) å ta opp kampen med Linjegods om den aukande trailertransporten av varer på Vestlandet. Eitt års tid knivast dei to gruppene kvasst om kundane m.a. ved å starte godssentralar i konkurrentane sine distrikt. ”Godskrigen” enda med at Fylkesbaatane og deira gruppe måtte strekkje våpen, og trekte seg ut av godsbil-eventyret med store tap.

Norway Bussekspress

Firda Billag kom til å spele ein sentral rolle då Norway Bussekspress vart skipa i 1987.
Bakgrunnen for skipinga av det landsomfemnande ekpressbussnettet var liberaliseringa av rutetrafikken som kom under borgarlege regjeringar på 1980-talet. Med liberaliseringa fall også vernet kring NSB sine jernebaneruter mot konkurrerande bussruter langs deira jernbanestrekningar.








MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no