|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Førde: Skysstasjonar og skyssplikt i Førde | Frå Hafstadfjellet har ein god utsikt over Førdejorden. Vegen til Naustdal går langs fjorden til høgre i biletet. Deler av Førde sentrum er å sjå til høgre i biletet, medan Halbrendslia er til venstre. (Foto: NRK) |
Heilt frå 1100-talet måtte bønder og kystfolk stille opp som gratis rorskarar eller kuskar for embetsmenn, adel og geistlege når dei var ute på reise kringom i kongeriket. Publisert 29.08.2001 10:11. Oppdatert 09.05.2007 08:26.Skyssplikta galdt også familiemedlemmer til den same overklassen. Antan det var slåttonn eller sesong for sildefiske, så måtte folk sleppe det dei hadde i hendene og stille opp som skyssmannskap. I 1648 vart skyssplikta fast organisert ved skiping av skysstasjonar langs kysten og fjordane, og langs dei viktigaste ferdsleårene innanlands.
På skysstasjonen hadde skysskaffaren til oppgåve å kalle inn mannskap til teneste når øvrigheita kravde det.
Då Den trondhjemske Postvei vart bygd i 1785, vart skysstasjonen i Førde plassert på garden Hafstad, der sentrum sør ligg i dag. På Hafstad var det også ”korrespondanse” med ei rodd skyssrute vestover Førdefjorden til skysskifta i Naustdal, Tingneset i Vevring, og vidare vestover til kysten, der dei næraste skysstasjonane låg i Sauesund ved Askvoll, i Hellevik ved Stavang og i Furesundet ved Florø.
Ny veg og nye skysstasjonarSkyssplikta var naturleg nok ei forhatt ordning, og noko av det første som Stortinget gjorde etter 1814, var å avskaffe skyssplikta: Frå 1816 vart arbeidet som skysskar eit løna arbeid, men utgiftene til skyssing av offentlege tenestemenn vart utlikna på landdistrikta. Etter ei lov om ”Skydsvæsenet” frå 1848 vart det skipa ei mengd nye skysstasjonar langs dei viktigaste ferdslerutene både på land og sjø. Såleis kom det skysstasjonar både i Vadheim, på Sande, på Langeland, i Førde og på Vassenden, og kvar skysstasjon vart utstyrt for å kunne gje reisande både bevertning og husrom.
Då bilen tok over trafikken på strekninga Vadheim-Sandane frå 1912 og utover, vart hesteskyssen og skysstasjonane på strekninga lagde ned. I Heljetunet på Halbrend er det teke vare på ei firhjula skyssvogn frå den tida då hesteskyssen rådde.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|