SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Førde:

Køyrevegar i Førde

Karar frå dei næraste gardane måtte hjelpe brøytebilen på Rørvikfjellet i 1949. Foto: Reiakvam
Karar frå dei næraste gardane måtte hjelpe brøytebilen på Rørvikfjellet i 1949. Foto: Reiakvam

Publisert 29.08.2001 11:23. Oppdatert 23.05.2007 14:12.

Hovudvegen Førde-Vadheim

Det var eit ”kupp” frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, som førde til at Den trondhjemske Postvei i 1785 vart bygd frå Leirvik til Dale, og ikkje over Vadheim slik det var best skapt frå naturen si side.

Langebrua oppkalla etter handelsmann

I dag knyter tre store bruer og ei gangbru sambandet over elva Jølstra i Førde sentrum. Men heilt fram til 1986 var det Langebrua som knytte sørsida saman med nordsida.
Gangbrua mellom Hafstad og området ved Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Jølster kravde køyreveg til kaia

Straks etter at Fylkesbaatane var skipa i 1858 reiste Jølster kommune krav om at det måtte byggjast skikkeleg køyreveg frå Hafstad til skipskaia på Steinen, ei strekning på eit par kilometer. Vegen mellom Hafstad og dampskipskaia på Steinen vart opna i 1867, og Jølster kommune ytte økonomisk tilskot til bygginga.

Veg til Haukedalen

I 1920 fekk Haukedalen skikkeleg køyreveg mot Råheimsdalen i Gaular. Dermed fekk haukedølene betre vegsamband mot damskipskaiene i Vadheim og Bygstad.
Riksvegen over Rørvikfjellet mellom Holsen og Rørvikfloten i Haukedalen opna i 1936. Den avløyste ein gamal kjerreveg som seinare er restaurert. I 1938 vart vegen over Rørvikfjellet ein del av det første riksvegsambandet mot Sogn då vegen over Gaularfjellet vart opna.
Vegen over Rørvikfjellet. Foto: Ottar Starheim.

Riksvegen Førde-Naustdal-Florø

I 1891 starta ein på bygging av veg mellom Førde og Naustdal, men vegen opna først då stålbrua over Nausta stod ferdig i 1937.

Førdeveksten kravde betre veg til Oslo

I samband med at Førde vart peika ut som vekstsenter i 1965, vart planen om bygging av veg langs midtre del av Sognefjorden framskunda, slik at vekstsenteret skulle få betre veg til Austlandet.

Veg mot Solheimsdalen og Askvoll

Vegsambandet til Solheimsdalen og dei andre vestlege bygdene i Førde kommune over Blomlia/Vasslia kom i 1975. Den såkalla Folkelånsvegen som gav Askvoll og Stongfjorden ferjefritt vegsamband til Førde, vart opna i 1979. På riksvegen mellom Førde og Askvoll ligg Kvernbergtunnelen (779 meter) like vest for Førde og Nordheiatunnelen (414 meter) oppe på fjellet mellom Vasslia og Fauske.
Frå folkelånsvegen med utsyn til Heilevangstaurane. Foto: Ottar Starheim.

Angedalsvegen

Frå eldgamle tider gjekk ferdslevegen mot Jølster over fjellskaret Tynningen ved Grimeland i Angedalen. Bygdevegen oppover Angedalen vart gradvis utbetra til ein smal bilveg som kunne vere tolleg brukande sommarstid, men som vart bortimot uframkomeleg i teleløysinga om våren. Etter sterke krav frå den største arbeidsplassen i Angedalen, Ramstad Eskefabrikk, vart det bygd ny fylkesveg fram til Tjønneland i 1982.
Ramstad Eskefabrikk kravde betre veg og fekk det i 1982.

Veg Kronborg-Vie

Veg frå Kronborg til sentralsjukehuset på Vie med bru over Jølstra vart opna i 2002.
Det nye vegsambandet mellom Kronborg og Vie fotografert frå Førdenipa. Foto: Kjell Arvid Stølen.

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no