Jordbruksskulen på Vestreim på Kaupangerskogen var den første, grunnlagt 1846. Mo er ein av dei største i fylket, med 500 da. innmark og 3000 da. skog.
Hovudbygning frå Fresvik
Den gamle hovudbygningen på garden var ein gamal sjefsgard frå Fresvik i Sogn, som vart flytta til Mo for å tene som styrarbustad og elevinternat, rive i 1970. Sjå:
Sjefsgarden frå Fresvik hamna i Førde.
Truga av nedlegging
|
Bygning på Mo. (Foto: NRK) |
Den politiske ”moten” i Noreg på slutten av 1880-talet var sparepolitikk og nedskjæring av offentlege utgifter. Dette gjekk på alle plan, og i fylkeskommunal samanheng i Sogn og Fjordane råka dette m.a. Fylkesbaatane og Mo jordbruksskule. Begge var truga av nedlegging.
Berga av skulestyraren
Men Mo vart berga av skulestyrar
Martin Luther Storm, som var styrar frå 1873 til 1907. Han fekk personleg ei pakte- og driftsavtale for skulen, og
|
Storm-monumentet av Nils Bruland. |
dreiv den slik fram til fylket igjen tok over. Storm har fått sitt minnesmerke på tunet på skulen, laga av bilethoggaren
Nils Bruland.
Mo og Jølster vidaregåande skule
Også då Storm slutta, ville mange politikarar kvitte seg med Mo, men den vart berga med knapt fleirtal. I 1992 vart skulen administrativt samordna med
Heimeyrkesskulen i Jølster til Mo og Jølster vidaregåande skule.
|
Nye og gamle bygningar på Mo og Jølster vidaregåande skule. Storm-monumentet står framfor nyebygget til venstre. (Foto: Arild Nybø, NRK) |