Omtalane er ordna etter startår.
Gruvene låg i Askvoll, men Sunnfjord-kysten er skogfattig. Difor vart mykje av malmen ført til Halbrend i Førde for smelting. Der vart det bygt smeltehytte i 1761. Gardsnamnet der kjem av ”halvbrend” koparkis.
Sjøahola like under kyrkja på Skei var det gamle ”handelssenteret” i Indre Sunnfjord.
I 1830 kom
Hans Chr. Fredrik Lange frå Salbu i Hyllestad til Førde og starta landhandel på Skorpa (området der sparebanken ligg idag). Han dreiv også overnatting. Saman med lensmann Falch fekk han bygd Langebrua i 1836.
Den trondhjemske Postvei og bygginga av Langebrua bana vegen for at Hafstad overtok for Sjøahola som handelssentrum i Førde.
I 1842 vart Førde Sparebank skipa som den andre i Sogn og Fjordane. Seinare Sunnfjord Sparebank, og Sparebanken Sogn og Fjordane.
Schultz sine landhandlar
- sjå
Handel og hotell på Skorpa.
Valeur sine landhandlar
- sjå
Gjestgiveri og handel på Hafstad .
grunnlagt i 1860 av skysskaffar Gunnar Hafstad (1836–1916).
I 1866 kjøpte Reinhard Steen Sivertsen (1833-1893) eigedomen som G. Schultz hadde på Skorpa og bygde vidare ut med landhandel, bakeri og hotell. Sivertsen dreiv også filial ved dampskipskaia på Steinen, og hadde sildesalteri i Kinn.
bygde i 1879 sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden.
Næring på Steinen
Anders A. Steen (1812-1885) frå Holsen vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i 1869 og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen. Sonen Ole tok over 1878, og dreiv også trelasthandel. Handelsfamilien Steen bygde etterkvart ut verksemda på Steinen med kassefabrikk, og tønnefabrikk frå 1915-1929. Her var også losji, brevhus og rikstelefonstasjon ei tid. Emil Steen, som dreiv tønnefabrikken, hadde også båtar som dreiv fiske og fraktfart.
Bruland Skredderforretning
vart grunnlagt 1890 av Johan Bruland. I 1938 bygde verksemda butikk og fabrikkverkstad, der det ei tid arbeidde 8 personar.
Nedre Angedalen Meieri
og Indrebø Meieri
i Angedalen starta i 1892. Ialt kom det på kort tid 10 lokale meieri i dåverande Førde kommune: Grøneng, Gjerland og Hårklau i Haukedalen, Holsen (1898), Masdalen, Sundsdalen og Førde, Vie, Fauske (1899). Frå 1924 slutta dei seg etterkvart til
Førde meieri.
Bakeri på Hafstad
Johannes Gundersen (1856–1930) frå Jølster starta i 1895 bakeri på Hafstad. I 1930 overtok Bertel Kvaal bakeriet, og bygde nytt forretningbygg i 1939. Bygningen huser idag klesforretninga La Belle.