Bygde stort forretningsbygg
I 1946 starta Grønfur Førde Sport, og i 1955 bygde han eitt av dei største forretningsbygga i Førde, der Førde Sport (under nye eigarar) framleis held til. Bygget husa fram til 1974 Televerket og jordskifteverket, frå 1998 trimsenteret S.A.T.S., som etter konkurs i 2001 vart heitande Spenst, under nye eigarar.
Eigedom i Sentrum sør
Då Firda Billag i 1963 flytta til nye lokale på nordsida av Jølstra, kjøpte Lasse Grønfur ekspedisjonsbygningen og eigedomen i sentrum sør. Her dreiv han landhandel, og var fylkesforhandlar for bilmerka Skoda, Scania og Toyota. Fram til Førde fekk ”ølmonopol” i 1983 (sjå
Førde Ølutsal AS), var Grønfur kommisjonær for Hansa Bryggeri. I 1971 starta Lasse Grønfur saman med Norvald Årdal (sjå
Kjende personar i Jølster fødde år 1930-1950) Blinken Matsenter. Dette var til då fylkets største matvareforretning, som kom opp i ei årsomsetning på 50 millionar kroner. Blinken dreiv ei tid matsenter i Berquambygget på nordsida av elva. Kring 1980 kjøpte Blinken det store industribygget til Schiøtt Konfeksjonsfabrikk på Øyrane, og dreiv ei tid Blinken Lagersalg der. Seinare skilde kompanjongane Grønfur og Årdal lag, og Norvald Årdal dreiv vidare sin eigen Bravo-butikk då Handelhuset opna i 1987.
Sønene blei med
Lasse Grønfur trekte etter kvart sønene Per f. 1931, Arne f. 1939 og Jarle f. 1944 med i forretningsdrifta, som vart utvida med jernvareforretninga Spesialvarer AS. Denne har sidan 1988 halde til i eige bygg på Hafstad. I sentrumsbygget opna Jarle Grønfur glasmagasin og gåvesenter. På 1980-talet dreiv også Grønfur sportsforretninga ”Sporten” i Florø.
I år 2000 vart forretningbygget i sentrum sør, der Rema 1000 held til, mykje utvida og modernisert som handelssenter og kontorbygg under namnet Førdetunet.
|
Førdetunet. Foto: Kjell Arvid Stølen. |