SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Fabrikkar og verkstader i Førde

Omtalane er ordna etter startår.

Publisert 05.09.2001 15:01. Oppdatert 24.05.2007 08:58.

Sjå også:
· Entreprenør- og byggforretningar i Førde


Malmsmelting på Halbrend

Grimmelid Kobberværk starta i 1759 drift på ein koparførekomst i Grimelid ved Stongfjorden. Men malmen vart brend ut i Førde.

Næring på Steinen

Anders A. Steen (1812-1885) frå Holsen vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i 1869 og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen. Sonen Ole tok over 1878, og dreiv også trelasthandel. Handelsfamilien Steen bygde etterkvart ut verksemda på Steinen med kassefabrikk, og tønnefabrikk frå 1915-1929. Her var også losji, brevhus og rikstelefonstasjon ei tid. Emil Steen, som dreiv tønnefabrikken, hadde også båtar som dreiv fiske og fraktfart.
Frå tønnefabrikken på Steinen før 1920. Foto SUM


Aksel Sjurson Grønhaug

bygde i 1879 sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden.

Bruland Skredderforretning

vart grunnlagt 1890 av Johan Bruland. I 1938 bygde verksemda butikk og fabrikkverkstad, der det ei tid arbeidde 8 personar.

Dei eldste meieria

Nedre Angedalen Meieri og Indrebø Meieri i Angedalen starta i 1892. Indrebø Meieri hadde eiga meierske og heldt til i eit hus på Indrebø. Om sommaren vart meieridrifta flytta til stølen på Vassbrekka. Dette ”stølsmeieriet” er no restaurert som eit lite museum. Også i nedre Angedalen vart det starta meieri i 1892. I alt kom det på kort tid 10 lokale meieri i dåverande Førde kommune: Grøneng, Gjerland og Hårklau i Haukedalen, Holsen (1898), Masdalen, Sundsdalen og Førde, Vie, Fauske (1899). Frå 1924 slutta dei seg etter kvart til Førde meieri.

Bakeri på Hafstad

Johannes Gundersen (1856–1930) frå Jølster starta i 1895 bakeri på Hafstad. I 1930 overtok Bertel Kvaal bakeriet, og bygde nytt forretningbygg i 1939. Bygningen huser idag klesforretninga La Belle.

Naustdal Dampbakeri

starta bakeri i Naustdal i 1895. I 1949 skipa sonen Jetmund og Alfred Rygg om selskapet til Naustdal Dampbakeri AS.flytta frå Naustdal til nytt produksjonsanlegg på Kronborg i Førde i 1985.

Ervik Saftkokeri

- sjå Aksel Sjurson Grønhaug .

Førde Ullvarefabrikk

vart grunnlagt ved Sagelva på Halbrend i 1918 av Mathias Leivestad (1873–1934) frå Fana.

Handel og fabrikkar på Bruland

tønnefabrikk, og kasse- og pallefabrikk.

Førde meieri

Grunnlagt i 1923 ved at fleire av dei lokale meierilaga slo seg saman.

Førde Mølle og Sagbruk

med byggjeforretning vart grunnlagt 1926 av A.J. Flaten. Bygdemølla låg nokre hundre meter opp frå utløpet av Jølstra, og er idag ombygd til kontor. På eigedomen er det i 2001 bygd bustadkomplekset Førde Brygge.

Førde Sementvarefabrikk AS

på Bruland er ei av dei største industriverksemdene i Førde og vart grunnlagt i 1930 av Karl Opseth (1896–1964) frå Førde. I dag har sementvarefabrikken avdelingar fleire stader i Noreg.

Trevarefabrikk på Hafstad

Håkon Hafstad starta trevarefabrikk på Hafstad i 1932. Dei første åra produserte verksemda for det meste møblar og suvenirar. Idag heiter verksemda Hafstad Trevare AS og produserer dører og vindauge. Verksemda hadde i år 2000 ei omsetning på 6,5 millionar kroner og seks tilsette.
Hafstad Trevare. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Jon Kvamme

starta i 1933 produksjon av vassrøyr i tre saman med broren Audstein. Verksemda laga også utstyr til sagbruk, og rattkjelkar.

Berge & Co.

- sjå Forretningsfamilien Berge. Fylkesforhandlar av Volkswagen, og den populære og rimelege VW-bobla gjorde Berge & Co. på kort tid til fylkets største bilforhandlar.

Hagenes Snikkarverkstad

vart starta på Steinen i 1942 av Ragnar Hagenes. I 1958 vart fabrikken flytta til nybygg i Teigen. Bygningen har sidan husa møtelokale for Odd Fellow og Glasmeister Kjell Grov.

Førde Vulkaniseringsverk

vart grunnlagt i 1949 av Berge Selvik. Selvik heldt til i eigen verkstad på Hafstad fram til 1983, då verksemda flytta til nye lokale på Halbrendsøyra. Førde Vulk hadde i år 2000 ei omsetning på 32 millionar kroner, og 20 tilsette.
Førde Vulk på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Ramstad Eskefabrikk

vart starta i 1948 og er den største norsk-eigde øskjefabrikken.

Ny Ideal Betongvarefabrikk

vart starta i Førde i 1952 av Anders Bolseth og John Farsund. Fabrikken produserte betongholstein. I 1961 vart fabrikken kjøpt opp av Førde Sementvarefabrikk AS.

A/S Jarl Skofabrikk

A/S Jarl Skofabrikk i Dale dreiv ei tid på 1960-talet ein filial med 12-15 tilsette i Førde. Filialen heldt til på Steinen og dreiv såkalla nåtling, d.v.s. sying av ferdig utstansa skinn som vart tilsendt frå Dale og returnert dit etter sying.

Ferdigbetong AS

ved sandtaka på Vie vart starta av entreprenør Andreas Hjelmeland i 1966. På 1970-talet selde han verksemda til brørne sine, Gunnar, Finn og Fritz Hjelmeland. I 1997 selde dei vidare til Førde Sementvarefabrikk AS.
Ferdigbetong sitt anlegg på Vie. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Autoservice AS

bilforhandlar vart starta i 1966 av Per Einevoll, Arthur Hovland og Asbjørn Djupvik.

Hagbart Schjøtt AS

i Bergen starta konfeksjonsfabrikk på Øyrane i 1969. Fabrikken flytta inn i eige produksjonsbygg i 1972 (noverande El-kjøp), og hadde på det meste 120 tilsette. Etter økonomiske vanskar og eit par eigarskifte, vart drifta lagt ned kring 1990.

Førde Bilsenter AS

vart starta av Alfred Rygg i 1969.

Nord West Sport AS

konfeksjonsfabrikk vart starta på Halbrendsøyra i Førde i 1971 av Alf Berger-Nielsen.

Ankerløkken Verft Førde

Bygd i 1971 på Øyrane. 400 tilsette på det meste. Lagt ned i 2003, og hadde då namnet Kleven Florø AS avd. Førde.

Autokarosseri A/S

vart starta i Førde i 1976 av Trygve Ekreskard frå Hyllestad.

Førde Sementsilo

i Erdal vart bygd av sementprodusenten Norcem i 1977. Sementsiloen er 53 meter høg og har ein lagerkapsitet på 4000 tonn.

Welcon AS

Arne Stang starta i 1979 selskapet Welcon i Stongfjorden for produksjon av elektronisk utstyr til prosessindustrien (ÅSV/Hydro). Bedrifta flytta seinare til Øyrane i Førde, der selskapet etter kvart overtok dei fleste av SIVA – Statens Industrivekstanlegg - sine tomter og bygningar.

Førde Vulk

- sjå Førde Vulkaniseringsverk 1949.

Biltreff

- sjå Jon Kvamme.

Opus AS

bilfirma vart starta av Svein Haaland i 1987. Opus vart forhandlar av bilmerket Opel som bergensfirmaet Auto 23 tidlegare hadde forhandla i Sogn og Fjordane. Opus har seinare også vorte forhandlar av Suzuki.

Fonn Auto AS

vart starta i 1988 av Steinar Fonn.

Auto Last AS

bilforretning vart starta i Førde i 1988 av Arnstein Neset m.fl. Bilforretninga som forhandlar M.A.N. lastebilar, har verkstad på Øyrane i eit bygg som firmaet overtok sjølv i 2006. I 2001 skipa Auto Last ei avdelinga i Ålesund og har i 2007 28 tilsette.
Autolast held til like ved verftsområdet på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Gilde Vest

Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføre produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde.

Sunnfjord Betong AS

vart skipa i 1990 av Terje Horsevik, Mindor Sunde, Ragnhild Russenes og Eivind Eikenes.

Sunnfjord Auto AS

bilfirma i Førde vart starta i 1992 av Bjørn Sæbøe, Steinar Dvergsdal og Frank Kirkebø.

AutoForum AS

- sjå Førde Bilsenter AS.

Førde Asfalt AS

- sjå Førde Sementvarefabrikk AS.

Kolo Veidekke AS

- sjå Førde Sementvarefabrikk AS.

Kværner Florø avdeling Førde

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Kleven Florø avdeling Førde

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Riko Førde As

- sjå Fonn Auto AS.

Førde Bil Partner AS

- sjå Førde Bilsenter AS.

Aker Yards

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Førde Maritime Industri

– sjå Ankerløkken Verft Førde.




MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no