Førde Mølle og Sagbruk
med byggjeforretning vart grunnlagt 1926 av A.J. Flaten. Bygdemølla låg nokre hundre meter opp frå utløpet av Jølstra, og er idag ombygd til kontor. På eigedomen er det i 2001 bygd bustadkomplekset Førde Brygge.
Ingeniør Endre Kleiven
Endre Kleiven frå Gaular starta entreprenørforretning i Bergen i 1947, men flytta etter kort tid firmaet til Bygstad, seinare Førde.
Forretningsfamilien Hjelmeland frå Bygstad, syskena Gunnar (1923-1978), Andreas f. 1928, Finn (1932–1995), Signe Hjelmeland Bruland f. 1936 og yngstemann Fritz f. 1939, har spela ein sentral rolle i utviklinga av Førde heilt sidan tidleg 1950-tal.
Harald Øen
grunnla entreprenørforretning i Førde kring 1950. Utstyret vart i 1970 kjøpt av
Ola Drage då han starta si eiga entreprenørforretning i Førde.
Farsund Bygg
Grunnlagt 1955 av byggmeister Oddmund Farsund (1924-1996). Forretninga vart AS i 1973, og er ei av dei største byggevareforretningane i fylket med ei årsomsetning i år 2000 på 55 millionar kroner, og 20 tilsette.
|
Farsund Bygg på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Viktor Bruland
f. 1951 utvida Bruland Pallefabrikk, og bygde ut trelast- og byggevareforretning. (Sjå:
Handel og fabrikkar på Bruland.)
Eitt av dei største entreprenørselskapa innan bustadbygging i Sogn og Fjordane med ei årsomsetning på 80 millionar kroner i år 2000 og 25 tilsette. I 1970 starta firmaet eigen takstolfabrikk.
Førde Boligbyggelag
vart skipa i 1966. I 1986 gjekk det inn i
Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.
var eit byggevarefirma i Bergen som m.a. bygde ferdighus. I 1969 starta dei avdeling i Førde.
var eit byggevarefirma i Bergen som starta avdeling i Førde i 1969.
Starta i 1970 eiga entreprenør-verksemd i Førde, der han fekk store oppdrag med bustadbygging i samband med etableringa av m.a. Ankerløkken-verftet og sentralsjukehuset.
var eit byggevarefirma som etablerte seg på industriområdet på Øyrane i 1973.
Rieber Bygg
- sjå
Sunnfjord Bygg AS.
Magne Hafstad AS
maskinentreprenør, vart skipa 1979 av
Magne Hafstad , som hadde grustak på eigedomen sin i Førde. Selskapet har bygd seg opp til eitt av dei største i sin bransje i Sunnfjord, med 14 tilsette og ei omsetning i år 2000 på 15 millionar kroner. (Sjå bilete øvst). Hafstad bygde i 1999 stort forretningsbygg m.a. for bilforretningar på Hafstad.
|
Magne Hafstad driv entreprenørfirmaet sitt med utgangspunkt i garden sin på Hafstad. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
HVH-hus
- sjå
Aksel Bruvik.
Neumann Bygg
- sjå
Sunnfjord Bygg AS.
Største distriktsbustadbyggelag i landet med aktivitet i 17 kommunar, i tillegg til engasjement i fritidsbustad-prosjekt i Spania. I år 2000 hadde laget 3634 medlemer og forvalta i eigne burettslag 1552 bustadeiningar.
Grunnlagt i 1988 av Leif Arne Åsen og Helge Øvrelid, begge frå Jølster. I 1996 fusjonerte selskapet med Brødrene Sunde, og satsa frå då av også på eigedom – Øyrane Eigedom.
Gravdal Bygg AS
- sjå
Gravdal Byggesenter.
Bygg og Bo AS
- sjå
Aksel Bruvik.