Berge-brørne kom frå ein familie som hadde drive både hotell, landhandel og tønnefabrikk på Kviteneset i Bygstad. Også broren Knut var ei tid engasjert i forretningsaktivitetane i Førde.
Grillen kafé
Forretningane til Berge-brørne i Førde har først og fremst vore prega av Erling Berge, men også broren Ivar Berge (1916–1990) har sett merke etter seg. Han var disponent i Førde Handelslag, som frå 1934 og nokre år heldt til i eigedomane som svigerfaren Nils J. Flom hadde bygd på Hafstad. Ivar Berge reiv den store forretningsgarden Flomstunet i 1963 og reiste nytt forretningsbygg som m.a. husa hans eigen ”Grillen kafé” som var ein populær samlingsstad i bygda til langt fram på 1990-talet. Bygget vart sidan overteke av Bjørn Solheim m.fl. som i dag driv Førde Motell i bygget.
|
Faksimilie av gamal annonse for Volkswagen. |
Erling Berge
|
Erling Berge. |
Den yngre broren
Erling Berge f. 1922 kom til Førde som disponent for Førde Sport (sjå
Forretningsfamilien Grønfur) frå 1947 til 1954, då han starta si eiga forretning.
Han vart fylkesforhandlar av Volkswagen, og den populære og rimelege VW-bobla gjorde Berge & Co. på kort tid til fylkets største bilforhandlar.
Verkstadhall og nye bygg
Erling bygde stor verkstadhall i Førde sentrum 1960, utvida 1964. Bergegården i sentrum bygd i 1970, seinare utvida. Bergehallen 1974, og
|
Bergehuset på Kronborg. (Foto: A. Nybø, NRK) |
seinare utvida, og i 1980 Bergehuset på Kronborg, som er på 10500 kvm., og i tillegg til eiga bilforretning også husa andre forretningar, og i fleire år Hafstad vidaregåande skule, før den flytta til eige bygg på Hafstad.
Berge & Co. har avdelingar i Sogndal, Årdal, Florø, Stryn og Måløy.
|
Erling Berge selde den første bobla til Kristian Sandsmark i 1954. Bilen har Berge no kjøpt tilbake. |
|
Bergegården i Førde sentrum vart bygd i 1970. (Foto: Arild Nybø, NRK) |