Førde Sparebank
- sjå
Sparebanken Sogn og Fjordane.
Sunnfjord Sparebank
- sjå
Sparebanken Sogn og Fjordane.
Bergen Bank
skipa avdelingskontor i Førde 1970. Heldt første åra til i Bergegården, bygde i 1984 eige bygg. Seinare fusjonert i Den norske Bank.
Vestlandsbanken
skipa avdelingskontor i Førde i 1982, med kontor i Bergehallen. Seinare fusjonert i Fokus Bank.
Postsparebanken
starta utlånsavdeling i Førde 1987. Seinare omskipa til Postbanken.
Skipa 1988.
Kreditkassen
opna avdeling i Førde i 1996. I 2000 vart Kreditkassen slegen saman med den nordiske storbanken Nordea, som elles i fylket har avdelingar i Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Sandane og Florø.
Nordea
bank i Førde - sjå Kreditkassen.
oppretta avdelingskontor i Førde i 2001.
Gjensidige Bank
skipa med hovudkontor i Førde i 2006 – sjå
Sparebanken Sogn og Fjordane.
Såkornfondet
er namnet på eit halvoffentleg investeringsfond for nyskaping innan næringslivet i typiske utkantkommunar. Fondet si avdeling for Sør- og vestlandet vart i 2006 lagt til Førde, og fekk frå starten kring 197 millionar kroner til rådvelde. Av dette gjekk Staten inn med 134 millionar - resten kjem frå private finansinstitusjonar.