SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Førde:

Embetsgardane på Skei

Embetsgardane på Skei i Førde er først og fremst kjende som eit senter for kunst og kultur på 1700- og 1800-talet.

Publisert 12.09.2001 11:56. Oppdatert 07.01.2004 12:20.
Her budde diktarar som Andreas Aabel, Kristian Elster d.e. og Kristian Elster d.y., Alhed Schou, Hjalmar Christensen m.fl. Men på gardane har det også budd embetsmenn og sentrale rikspolitikarar som statsrådane Thomas Fasting og Ingolf Christensen.

Bygde opp kring kyrkja

På terrassen kring kyrkja på Skei grodde embetsgardane opp. Førde prestegard var ein av dei største gardane i Sunnfjord, med store jordvidder og verdfulle fureskogar i Førdsmarka.

Finde kjøpte alle gardane

Førde-presten Peder Jørgenson Finde (1610-1691) kjøpte alle Skei-gardane i 1672, og slo dessutan under seg store eigedomar elles i bygda. Ei tid eigde han fjerdeparten av all jord i Førde, og han hadde dessutan jordeigedomar spreidd over heile Vestlandet frå Sunnhordland til Møre. I 1678 tok han over alt ”apostelgodset” i Sunnfjord. Då Finde-slekta var ute, vart Skei igjen delt ut i fleire gardar.

Prestegarden på Skei

I prestegarden kom Søren Hjelm Friis 1823-1856. Mellom dei 11 borna var det fleire som seinare sette merke etter seg nasjonalt, både i politikken og som vitskapsmenn.
Forfattarane av Fasting-slekta hadde også litt av oppveksttida si i prestegarden i Førde (sjå Ole Wilhelm Fasting, og Georg Fredrik Chr. Fasting under Kjende personar i Jølster fødde år 1200-1850).

Eksersisplassen på Toene

Frå 1727 vart Toene lagt ut som eksersisplass for det militære – ”Førdeske Compagni”. Her var det også sett opp eit militært lager – telthus.

Futegarden Bruland

Futen i Fjordane, Nikolai Lambrechts, kjøpte i 1789 garden Bruland omlag fire kilometer aust for Førde sentrum og flytta futesetet frå Svanøy til Førde.

Sjå også:
· Historia i Førde og
· Det eldste Førde


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no