I 1749 kjøpte major Coucheron ein del av prestegarden på Skei, seinare kalla Kapteinsgarden. På slutten av 1700-talet levde seinare marineminister Thomas Fasting (1769-1841) nokre barneår på Kapteinsgarden.
Faren Søren vart kommanderande kaptein for Førde-kompaniet, og kjøpte garden i 1767 og busette seg der. Seinare har m.a. fylkesmennene
Ingolf Christensen og svigersonen
Nikolai Schei eigd Kapteinsgarden, og her sette bror til fylkesmann Christensen, forfattaren
Hjalmar Christensen opp si eiga ”diktarstove”.
I 1824 vart ein del av Kapteinsgarden skild ut som eige bruk og kjøpt av lensmann Johannes Falch (1792–1855). Etter Falch vart garden heretter kalla Falkenstein. Lensmann Falch fekk saman med handelsmann Lange bygd Langebrua i 1836. Hovudhuset frå ca. 1770 vart flytta frå sorenskrivargarden i Dale, freda i 1924, men likevel rive i 1963 (det vart også den freda lensmannsgarden på Bruland i 1970). Distriktslege og diktar
Andreas Aabel budde på Falkenstein 1865-1876, og her vart sonen, skodespelar
Hauk Aabel fødd i 1869. Han var far til skodespelar Per Aabel.
I 1872 fekk fehandlar
Ole Olson Berquam frå Flåm hand om Falkenstein. Garden har vore i Berqvam-slekta sidan, og som sentrumseigedom vore utgangspunktet for denne slekta si satsing på forretningseigedomar som Berqvam-garden og Handelshuset m.m. (sjå:
Forretningsfamilien Berqvam.)
Garden Kirkevollen
vart frådelt Falkenstein i 1823. Det freda huset er truleg frå 1770, og flytta frå Svanøy til Førde. Sidan har m.a. distriktslegar budd i huset. Mellom desse H.M. Schou frå 1876. Kona hans, Alhed Schou, skreiv boka om ”Svanøen i Søndfjord”.
Volden
Ein annan del av storgarden på Skei vart frådelt i 1811. Denne garden, som vert kalla Volden, var sorenskrivargard for Sunnfjord frå 1855 til 1971. Den er no prestebustad i Førde. Her budde forfattarane
Kristian Elster d.e. og
Kristian Elster d.y..