|
Futegarden på Bruland. (Alle foto: Steinar Lote, NRK) |
Futen i Fjordane, Nikolai Lambrechts, kjøpte i 1789 garden Bruland omlag fire kilometer aust for Førde sentrum og flytta futesetet frå Svanøy til Førde.
|
Interiør på Bruland. |
Det same gjorde han med det staselege barokkhuset frå kring 1750, som tidlegare stod på adelsgodset på Svanøya (sjå "
Futesete og adelsgods"). På Bruland budde futane for Sunnfjord og Nordfjord fram til embetet vart lagt ned i 1898. Futegarden vart freda i 1924.
Restaurering
I 1989 kjøpte Per Eggen og
Cecilie Castberg Eggen Futegarden og har restaurert den tilbake til sin opphavelege stand. For dette fekk dei fylkeskommunen sin Bygningsmiljøpris.
|
Skilt på futegarden. |
Godt bevart
Futegarden vert rekna som ein av dei best bevarte embetsmannsgardane på Vestlandet.
Futane som budde på Bruland var:
Nikolai Lambrechts 1879-1788
Nils Christian Kjerboe 1808-1827
Even Hanssen 1827-1833
Peter Christian Hvoslef 1834-1852
|
Futegarden på Bruland. |
Jens Zetlitz Magnus 1853-1863
Karl I. Steen kst. fut 1864-1866
Johan Fredrik Sudmann 1866-1878
Gabriel Joachim Urbye 1879-1887
Othto Albert Blehr 1888-1889
Haakon William Tranaas 1889-1897
Futen
Jens Hallandsfar eigde garden Hafstad og budde der som fut for Sunnfjord på 1500-talet.
Lensmannsgarden
Like ved Futegarden, på Brulandsbakken på andre sida av E39, låg fram til 1977 den freda lenmannsgarden. Då vart det rive (sjå elles om Falkenstein under
Prestegarden på Skei). Bygget stod tidlegare på sorenskrivargarden Volden (sjå denne under
Embetsgardane på Skei), og var truleg frå kring 1800.