Statens Industrivekstanlegg – SIVA – fekk i 1968 hand om industriområdet Øyrane.
Akergruppen var først ute med store industriplanar i Førde:
Bygging av ein stor motorfabrikk. Seinare kom Strømmen Verksted med planar om bilfabrikk for elektriske bilar! – Ingen av desse vart bygde.
Det som gav størst utteljing, var kommunen sin eigen innsats for å få m.a. handels- og industribedrifter i Bergen til å byggje filialar i Førde: Bruvik, Bergen Rørhandel, konfeksjonsfabrikken Schiøtt, Neumann o.s.b.. Vekstsenteret kunne lokke med 35 prosent etableringstilskot og gunstige DU-lån.
Samstundes satsa driftige lokale forretningsfolk som Hjelmelands-brørne, Erling Berge, Lasse Grønfur, Berge Selvik, Jon Kvamme og andre på utbyggjing av handel, bilforretningar og entreprenørbedrifter som hadde heile fylket som marknadsområde (sjå peikarar nedanfor).
Andreas Hjelmeland starta
Førdefly i 1966, og saman med kommunen spela han ein sentral rolle for å få bygd småflyplass på Øyrane, opna i 1971. I 1968 opna
Sunnfjord Hotell, bygd av eit ”folkeaksjeselskap” med brei oppslutnad i bygda.