SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Førde:

Kronborg og Reset industrifelt

Midt på 1980-talet var industri-områda på Øyrane og Halbrendsøyra på det næraste utbygde. Kommunen regulerte difor to nye industrifelt – det eine på Kronborg ca. 2 km. aust for sentrum, og det andre på Reset, høgt oppe i Halbrendslia.

Publisert 13.09.2001 12:28. Oppdatert 19.12.2001 14:30.
På Kronborg bygde Berge & Co. stort forretningsbygg som husa eiga bilforretning, og dessutan Hafstad vidaregåande skule inntil den i 1999 flytta inn i nybygg nærare sentrum.

Eit anna bygg, reist av entreprenør Ola Drage, huser Førde Tekniske Fagskole. Drage bygde også nokre år seinare møbelhus for Bohus-kjeden (slegen saman med Idè i 2000 og flytta saman i Ida Berqvam sitt bygg i sentrum). Eit anna dominerande forretningsbygg på Kronborg er byggevare-forretninga Farsund Bygg.

På Reset bygde m.a. Vestlandske Salslag i Førde nytt storslakteri i 1984, og det 20 år gamle Sunnfjord Slakteri i sentrum vart kjøpt av Ida Berqvam og ombygd til Handelshuset, opna i 1987. Førde kommune bygde søppelforbrenningsanlegg på Reset, før det mellombels vart erstatta med fyllplass på Ulltang, og seinare med stort sentralanlegg i Hesjedalen ca. 6 km. nordvest for sentrum. Før Reset hadde kommunen deponert matavfall på Hafstadflatene og grovavfall på Hjelle.

Eit nytt industrifelt ved Moskog-krysset som kommunen sysla med på 1970-talet, har førebels ikkje blitt noko av. Derimot har strandsona langs Hornnes vorte regulert til ny industri.

SIVA-eigedomane vart i 1990 selde til Welcon-konsernet, eigd av Arne Stang frå Stongfjorden. Gjennom 1980- og 1990-tala har store deler av det gamle industifeltet Øyrane endra karakter frå industri til varehandel og tenesteytande bedrifter. I 1990 opna kompetansesenteret Concord, som huser Ingeniørhøgskulen og kring 20 rådgjevingsbedrifter.

To av kommunens største industribedrifter, Førde Sementvarefabrikk og Ramstad Eskefabrikk, har stort sett klart seg på eiga hand utanom dei kommunale industrifelta.

Karl Opseth starta i 1930 Førde Sementvarefabrikk AS på Steinen. Fabrikken vart flytta til Bruland i 1969. Der ligg store sandtak. Alfred Ramstad starta Ramstad Eskefabrikk på heimegarden i Angedalen i 1949. Der har verksemda halde til sidan, og er idag landets største norskeigde fabrikk i sitt slag.

Forrige side:
Vekstsenteret Førde


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no