SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Førde:

Kulturinstitusjonar i Førde

Rumensk gruppe spelar på utekonsert under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Rumensk gruppe spelar på utekonsert under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Publisert 13.09.2001 13:22. Oppdatert 07.02.2006 20:07.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Førdehuset

Førdehuset rommar m.a. storhall, symjehall med vass-sklie, Sogn og Fjordane Teater, Fylkesbibliotek og Kunstsenteret Førdehuset med salsutstillingar og kunstsal frå magasin. Kunstsenteret er frå 2004 ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977, og hadde premiere i det nye Førdehuset 28. oktober.

Fylkeskulturkontoret

Fylkeskulturkontoret vart lagt til Førde i 1978 m.a. på grunn av at mange fylkesomfemnande institusjonar hadde sete i Førdehuset. Fylkeskulturkontoret administrerer Fylkeskulturprisen.

Museum i Førde

Sunnfjord museum i Movika ved Movatnet, med har m.a. 39 gamle bygningar frå Sunnfjord, Sogn og Fjordane Kunstmuseum med eiga kunstsamling, m.a. ein skulpturpark - og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter som er biletkunstnarane sitt eige senter og utstillingsgalleri.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

vart arrangert første gong i 1990, og sidan starten har Hilde Bjørkum vore dagleg leiar.

Fylkesbiblioteket for Sogn og Fjordane

Bokbåten Epos har dei siste åra lånt ut omlag 20.000 bøker.
Så tidleg som i 1824 vart Førde Almuebibliotek skipa. Fylkesbiblioteket starta med Sogn og Fjordane Boksentral i 1954. Fylkesbiblioteket vart i 1964 slått saman med Førde folkebibliotek, og har i år 2001 114.287 bøker cd-ar m.m. i samlingane sine. Frå 1963 har bokbåten ”Epos” turnert i vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og frå 1966 har Bokbussen turnert i fylket.

Bokbåten Epos. (Foto: NRK)

Sjå meir under:
Historia i Førde


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no