Når folk og dyr vart sjuke i eldre tider, søkte dei hjelp hjå dei lokale bygdedokterane. Ein av dei mest søkte bygdedokterane i Fjordane på 1700-talet var Sæla-dokteren i Naustdal – Henrik Ananiason Sæla (1753-1790).
Christian Bonning Uchermann var den første distriktslegen i Fjordane. I Førde fekk han m.a. arbeidd med ein epidemi som soldatar som hadde vore i krig mot Sverige drog med seg heim til Sunnfjord kring 1811. Epidemien herja så hardt i Angedalen at det vart oppretta eit mellombels ”sjukehus” der.
Distriktslegane
- sjå
Epidemisjukehus i Angedalen.
I 1857 vart det talt 109 spedalske i Førde prestegjeld: I Førde sokn var det 26 spedalske, i Naustdal 58, og Vevring 25. Med andre ord var 3 % av folket i desse Sunnfjord-bygdene smitta av leprabasillen. I Gaular vart det i 1865 registrert 35 spedalske.
På 1700-og 1800-talet var Sunnfjord-bygdene, særleg langs Dalsfjorden og i Gaular, ”hovudleverandør” av ammer til Bergen.
Førde frivillige fattig og sykepleieforening – frå 1938 Førde Helselag - kjøpte i 1925 kjøpte den gamle prestebustaden i Førde og bygde den opp att som gamle- og sjukeheim og fødestove i Grovene.
Tannlege
I 1958 fekk Sogn og Fjordane fylkestannlege, plassert i Førde, med
Reidar Tveit tilsett i stillinga til 1989. Deretter var Guttorm Sørland tilsett nokre år, til kontoret vart flytta til Hermansverk.
for Sogn og Fjordane, opna i 1979, vart ved årskiftet 2001-2002 overteke av staten. Fram til då har sjukehusa vore eigd og drivne av fylket.