SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Førde:

Ulukker i Førde

Vrakdeler er henta opp frå Førdefjorden etter helikopterulukka i 1996. (Foto: NRK)
Vrakdeler er henta opp frå Førdefjorden etter helikopterulukka i 1996. (Foto: NRK)
I dette oversynet er berre dei største ulukkene tekne med.

Publisert 18.09.2001 16:39. Oppdatert 12.01.2007 09:17.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

1689

I 1689 omkom eit ektepar då garden Haugen i Angedalen vart råka av eit snøskred.

1697

25. mars 1697 omkom seks menneske og fem vart alvorleg skadde i ei snøskrede som øydela 15 hus i eit gardstun i Erdalsdalen. Ein av dei skadde var så hardt skadd at han levde berre nokre få år etter ulukka.

1847

Også i 1998 gjekk det fleire store ras som sperra vegen i Holsen, men ingen personar kom til skade. (Foto: A. Nybø)
omkom 4 menneske i eit jordras i Holsen, då ei lita elv demde opp og sopa jord og stein mot gardstunet, som ligg omlag der grendaskulen ligg idag.

1859

drukna 7 mann frå Holsen og 1 mann frå Farsund under vintersildefiske ved Kinn.

3. september 1910

brann det nybygde skulehuset til Sunnfjord Ungdomsskule på Solvang i Førde ned til grunnen, og 4 born og 2 kvinner miste livet – alle frå familien til skulestyrar Rasmus Øvrelid.

I 1982

omkom fire menn då turnébilen til musikkgruppa New Jordal Swingers vart råka av eit steinras på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal, like vest for Kvieneset.

I 1984

omkom 3 ungdomar frå Angedalen og Førde
under ei utforkøyring i Ulltangsmarka, aust for skisenteret.

I 1996

omkom 4 personar, 2 av dei frå Førde, då eit ambulansehelikopter frå AirLift havarerte ved Vevring etter å ha støytt mot ei kraftleidning (sjå Ulukker i Naustdal).

I 2004

omkom den 31 år gamle Førde-kvinna Sølvi Helen Devig og sonen hennar i flodbylgja (tsunamien) som råka strendene kring Det indiske hav etter eit undersjøisk jordskjelv den 26. desember. Devig ferierte i Phuket, Thailand.

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no