SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Førde fødde år 1800-1830


Publisert 24.09.2001 08:51. Oppdatert 25.09.2006 13:25.

Per Larson Myra

(1806-1899) frå Haukedalen i Førde, busett på Mel i Vetlefjorden. Også kalla Per Mel. Bonde og bjørnejeger.

Johan Fredrik Boyesen

(1807–1889). Var sakførar i Førde, og sentral initiativtakar til skipinga av Førde Sparebank i 1842 – som den andre i Sogn og Fjordane etter Sogndal Sparebank (1841).

Ola Antonson Holsen

(1808–1864) frå Holsen. Bonde og skulelærar. Medlem av kommunestyret 1839-1859. Stortingsrepresentant 1845, 1848, 1851 og 1854.

Hans Chr. Fredrik Lange

(1810 - 1887) frå København, busett i Førde og på Salbuøyra i Hyllestad. Handelsmann i Førde.

Maren Fitje

f. Underli (1812–1845) frå Vevring, busett i Førde og Flora. Haugianar.

Anders A. Steen

(1812-1885) frå Holsen. Tok namnet Steen då han i 1869 vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane, og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen. Han var grunnleggjar av den handels- og industriverksemda som familien Steen har drive ved dampskipskaia på Steinen i fleire generasjonar (sjå "Næring på Steinen" under Verksemder i Førde grunnlagt år 1700-1900).

Nicolai Friis

(1815–1888). Prest og politikar. Kapellan i Førde 1840 og ordførar i 10 år. Fekk i 1853 statstilskot til skiping av Førde Bibliotek. Vararepresentant til Stortinget 1854, og etter flytting vararepr. 1862-1863 frå Buskerud. Son av Søren Hjelm Friis og bror til Jacob Pavels og Jens Andreas Friis (sjå lenger nede på sida).

Mads Trodalsstrand

(1819–1903) frå Angedalen. Også kalla Trodals-Mads, som i 1839 utførde rovmord på fehandlaren Ole Otternæs i Trodalen, og søkkte liket i Trodals-vatnet i øvre Angedalen. (Sjå: Trodalsmordet og Trodals-Mads). Ligg gravlagt ved Førde kyrkje. Drapet er m.a. skildra i novellen ”Korsgang” av forfattaren Kristian Elster d.e..

Jens Andreas Friis

(1821–1896). Professor og forfattar. Son av Søren Hjelm Friis og bror til Nicolai (sjå ovanfor) og Jacob Pavels Friis (sjå nedst på sida).

Carl Johan Severin Steen

(1825–1874) fødd i Lom. Overrettssaksførar og politikar. Ordførar i Førde og amtsrevisor. Stortings-representant 1874-1876, men møtte berre til april 1874. Han eigde ei tid frå 1870 den gamle Handelsstaden Sjøahola på Skei.

Nils Karlson Hafstad

(1825–1916). Bonde på Hafstad, og postopnar i Førde i 60 år. Ordførar 1875-1881. Han var brukar på garden der Hafstadgården ligg idag.

Christen Christensen

(1826–1900) frå Førde. Offiser og politikar.

Jacob Pavels Friis

(1827–1912) frå Førde. Geolog og bergmann, som vart overstigar ved Kongsberg sølvverk og administrerande direktør ved Røros koparverk. Redaktør av ”Teknisk Tidsskrift” og ”Teknisk Ukeblad”. Æresmedlem i Polyteknisk Forening. Son av Søren Hjelm Friis og bror til Nikolai og Jens Andreas F. (sjå desse lenger oppe på sida).

Andreas Aabel

(1830–1901) fødd i Sogndal – heile fødenamnet er Morten Andreas Leigh Aabel. Forfattar og distriktslege i Indre Sunnfjord.

Førre side:
Kjende personar i Førde fødde år 1700-1800

Hovedside:
Kjende personar i Førde

Neste side:
Kjende personar i Førde fødde år 1830-1850


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no