Starta med smie på Hamar
Aaserud vart ein av dei største industribyggjarane i Noreg: Ut frå ei beskjeden smie på Hamar bygde han opp Ankerløkken-konsernet, som m.a. omfatta hjørnesteinsbedriftene Ankerløkken Verft Florø og Ankerløkken Verft Førde.
Største arbeidsplassen i Florø
I 1949 etablerte Ole E. Aaserud seg i Florø der han først starta med ein beskjeden mekanisk verkstad før han satsa på skipsbygging og starta
Ankerløkken Verft. I Florø vart skipsverftet raskt den største arbeidsplassen og hjørnesteinsverksemda i kystbyen då silda svikta kring 1960.
400 tilsette i Førde
I 1971 starta Ole E. Aaserud
Ankerløkken Verft Førde på Øyrane Førde i eit anlegg som han leigde frå Statens Industrivekstanlegg – SIVA. I Førde hadde verftet på det meste over 400 tilsette, og var den klårt største arbeidsplassen i indre Sunnfjord før sentralsjukehuset i Førde opna i 1979.
1600 tilsette på det meste
I tillegg til verfta i Sunnfjord, eigde Aaserud m.a. Ankerløkken Verft Glommen i Fredrikstad. I byrjinga av 1970-talet hadde Ankerløkken-konsernet 1600 tilsette, verksemder i fem land, og over ein milliard kroner i omsetning.
Knust av skattesvikskuldingar
Ole E. Aaserud hadde sterke religiøse interesser og var m.a. styremedlem i Menighetsfakultetet. I 1975 vart han skulda for skattesvik, men vart frikjend i 1979. Riksaviser dekte skattesaka med store oppslag. Etter frikjenninga skreiv ein bitter og nedbroten Aaserud ein sjølvbiografi der han hevda at media knuste han helsemessig og som forretningsmann.
Tvinga ut
I 1979 kom Ankerløkken-konsernet opp i store økonomiske vanskar, og gründeren Ole E. Aaserud vart tvinga ut av leiinga.
I Florø er ei gate kalla opp etter Ole E. Aaserud.
- Les meir om Ankerløkken under Industri og Næring:
Ankerløkken Verft.