|
Skiproduksjon eitt av dei første åra. Foto utlånt av Åsnes Ski |
Skieventyret i havkanten
I mellomkrigstida var det fleire - jamvel i snøberre kyststrok - som prøvde seg med skifabrikasjon. Skifabrikasjon i større og mindre målestokk finn vi m.a. i Markane og Utvik (sjå Bergset skifabrikk:
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik) og i Bygstad (sjå:
Skifabrikken i Bygstad).
Men det var berre Åsnes Skifabrikk på Straumnes ute ved havet som vart liv laga av skifabrikkane på Vestlandet: Åsnes er i 2002 den eine av to gjenlevande norske skifabrikkar, og den einaste på norske hender. Den andre er Madhus - med eigarar i USA.
Start i ei sperrestove
|
Dei første skia vart laga i denne stova. (Foto © Åsnes) |
Arne var den eldste av Åsnes-brørne. Han hadde flytta til Oslo i 1910, der han fekk arbeid på L.C. Hagen Skifabrikk. I tur og orden kom dei andre brørne;
Jonas Åsnes,
Kristian Åsnes, Alf Åsnes,
Kolbjørn Åsnes og
Leif Åsnes til Oslo og fekk seg arbeid i skifabrikken.
I 1922 starta brørne eigen skifabrikk i ei gamal sperrestove heime på farsgarden på Åsnes. Arne og Alf budde i Oslo, men hjelpte innimellom til heime.
|
Produksjonslokala på garden vart utvida. (Foto © Åsnes) |
Trevyrke til skiproduksjonen kjøpte brørne på rot på andre sida av fjorden og slepte det etter robåt over til Straumsnes.
Den første fabrikkbygningen reiste dei i 1933, og dreiv fabrikken som rein familiebedrift fram til 1938. Då fekk Åsnes-brørne ein ordre på 1800 par ski til Forsvaret, og kunne tilsetje meir folk.
I 1948 vart fabrikken totalskadd av brann, men i 1950 stod ny fabrikk med 465 kvadratmeter i tre høgder ferdig.
Strid om produksjonsmetodar
|
(Foto: S. Lote, NRK) |
Med ny fabrikkbygning satsa Åsnes Skifabrikk også på produksjon av ski i laminert tre etter den såkalla "splitkein"-metoden. I 1952 reiste Splitkein-fabrikken på Hønefoss, eigd av den kjende OL-meisteren Laila Schou Nilsen, sak mot Åsnes. Splitkein-fabrikken hevda å ha einerett på produksjon av laminerte ski. I 1957 vann Åsnes Skifabrikk saka.
Frå treski til glasfiber
|
(Foto: S. Lote, NRK) |
Glasfiberskia kom for fullt i internasjonal skisport frå 1972. Men alt på slutten av 1960-talet hadde Åsnes utvikla sine eigne prototypar i glasfiber. Utover 1970-talet kutta konkurentane ut treskia og satsa berre på glasfiber. Men mange heldt seg framleis trufast til treskiene - eit produkt som dei framleis kunne få frå skifabrikken på Straumsnes.
Det siste partiet med treski frå Åsnes vart levert til Forsvaret så seint som i 1987.
Solstolar, dører og hoppski
Men fabrikken på Straumsnes har ikkje berre livnært seg på skiproduksjon:
I mellomkrigstida var fluktstolar i tre og canvas eit viktig produkt. Då produserte Åsnes også skistavar og bordtennisracketar. Robåtårar var i mange år eit stort produkt. I mange år hadde fabrikken også delleveransar til dørfabrikantane Moelven (sjå:
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik) og Ege dørfabrikk i Egersund, og leverte også deler til vevstolar til ein fabrikk i Arna.
Sjølv om turski gjennom alle år har vore det sentrale produktet, forsøkte Åsnes Skifabrikk seg også på hoppski i ein periode på 1980-talet.
På 1980-talet kom det på moten å renne med telemark-stil. Åsnes Skifabrikk vart tidleg ute med ei spesialutvikla telemark-ski, og var ei tid dominerande på denne marknaden. Kring 1970 satsa Åsnes Skifabrikk på eksport av ski, og fekk etter kvart store leveransar til USA, Canada og fleire europeiske land.
I 1977 var produksjonen komen opp i 137.000 par ski i året.
|
Straumsnes med Åsnes Skifabrikk. Foto: Sigvald Vårdal |
Konkurs 1998 og nye eigarar
Fleire snøfattige vintrar og beinhard konkurranse frå mellomeuropeiske skifabrikkar skapte fleire gonger vanskar for Åsnes Skifabrikk utover 1980-og 1990-talet.
I 1998 gjekk den familieeigde verksemda konkurs og Åsnes-familien gjekk ut av leiinga.
Eit nytt selskap ned namnet Åsnes Ski AS vart skipa. Her eig Irene og Roar Bøe frå Hyllestad 50 prosent, og
Torbjørn Lie frå Førde og Olav Nummedal frå Odda 25 prosent kvar. I 2006 overtok firmaet Skigutane AS på Voss 90 prosent av aksjane i Åsnes.
2008 vart siste året
I 2008 vedtok eigarane å flytte produksjonen til Kina og leggje ned fabrikken på Straumsnes.