SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Naustdal:

Mons Litleré

Mons Litleré som 17-åring. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane
Mons Litleré som 17-åring. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane
Mons Litlerè (1867-1895) frå Naustdal.

Publisert 01.10.2001 13:22. Oppdatert 17.11.2006 11:50.
Frå Voss kom Torbjørn Litlerè og kona og starta landhandel i Naustdal i 1872. I svært ung alder vart sonen, Mons Litlerè ein av dei fremste målreisingsfolka for nynorsk på Vestlandet – bokhandlar og redaktør. Gjekk Amtsskulen på Apalset i Gloppen og seinare Sogndal folkehøgskule. Reiste som omreisande bokseljar med nynorske bøker, før han i 1886 starta ”Norskmålets bokhandel” i Naustdal. Han fekk lov av både Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie og Alexander Kielland til å skrive om kjende forteljingar av dei til nynorsk, og gav dei ut i to bøker. Den første var på 48 sider og kosta 60 øre, og vart fort utseld. Seinare gav han ut ”Smaastubbar” med forteljingar av m.a. lokale forfattarar.

Norskdomsmannen Litlerè var engasjert i det frivillige skyttarvesen, og var den første formannen i skyttarlaget i Instedalen då det vart skipa på 1880-talet (sjå Skyttarlaget Einar Tambarskjelvar).

I 1887 flytta Mons Litlerè til Bergen, der han i tillegg til forlaget også vart eigar og redaktør i ”Firda og Sygnafylkets Avis” – namnet vart seinare forkorta til ”Firda” (ikkje forveksle med Firda i Førde). Bladet kom ut to gonger i veka.

Norskmålets bokhandel i Naustdal. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane
På forlaget gav han ut ialt 100 bøker frå 1887 til han døydde 1895. Mellom forfattarane på forlaget til Mons Litlerè var Arne Garborg (m.a. Kolbotnbrev), Olav Sande i Høyanger, Jens Tvedt, Anders Hovden, Rasmus Løland, Hans Seland, Per Sivle, Anders Vassbotn og Rasmus Steinsvik. Bøkene fekk han selt gjennom og omreisande bokseljarar og ungdomslaga.
Etter initiativ frå Litlerè vart forlaget ”Boklaget” skipa i 1889 med m.a. Arne Garborg og Litlerè i styret.

Mons Litlerè døydde av magekreft på eit sjukehus i Tyskland i 1895, berre 28 år gamal.

Vestmannalaget har reist minnestøtte på grava hans i Bergen.

MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no