Eit verdfullt mineral som heiter rutil, og som vert nytta som fargestoff m.a. i måling, plast, papir og i næringsmiddel, finst i ein konsentrasjon på 3-5 prosent i eklogitten i Engebøfjellet.
Gigantplanar
Etter fleire år med prøveproduksjon og uvisse, vart den norske delen av det multinasjonale selskapet Conoco kopla inn midt på 1990-talet. Dei la fram investeringsplanar for 2,5 milliardar kroner for byggjing av kai, lasteanlegg og vegar m.m. Kommunen vart lova 300 nye arbeidsplassar. Conoco skulle få hjelp av storkonsernet DuPont til drifta av gruvene i Engebøfjellet.
|
Ved foten av fjellet har Fjord Blokk bygt stor kai. |
Protestar og prøvedrift
Mange bygdefolk protesterte mot planane som dei meinte ville rasere den vakre fjordbygda. Likevel vart det starta omfattande prøvedrift, og både fjellet og naturen ikring fekk stygge merke etter drifta. Men då DuPont og Conoco skilde lag, lukkast ikkje Conoco å finne nye partnarar, og i april 2001 vart planane om vidare drift skrinlagde.
|
Steinbrotet er ikkje i drift. |
Nye eigarar
I 2006 selde Conoco rettane til å drive ut eklogitt i Engebøfjellet til det nyskipa selskapet Nordic Mining ASA. Dette selskapet hadde frå starten 2700 aksjonærar, og var skilt ut som eige selskap frå Rocksource ASA. Selskapet sit m.a. på rettar til gullgraving i Sør-Amerika.