SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Naustdal:

Tettstaden Naustdal

Den grøderike sletta ved utløpet av elva Nausta har vore det naturlege samlingspunktet for folket i den tre mil lange Naustedalen og frå smågrendene kring inste del av Førdefjorden.

Publisert 02.10.2001 16:56. Oppdatert 14.12.2001 17:06.

Kyrkjebygging

Steinkyrkja som vart riven for å gje plass til den mektige ”Sunnfjord-katedralen”, Naustdal kyrkje, i 1891, var bygd kring 1150 (sjå Kyrkjer i Naustdal). Mykje tyder på at denne kyrkja var såkalla ”fjordungskyrkje” for eit større område av det gamle Firdafylket. På 1200-talet budde også dei tre mektige Eilivane i Naustdal her.

Utviklinga av tettstaden

Skysstasjon, gjestgiveri og priviligert handel har truleg vore drive i Naustdal frå midt på 1600-talet. I 1684 høyrer vi om Sjur Olsson som har borgarbrev på handelen i bygda.
Av eit løyvebrev frå 1742 går det fram at det er to skjenkestader i bygda. Dei freista stadig å slå beinkrok på kvarandre med gjensidige skuldingar om ulovleg skjenking og misleghald av løyvet.
Mannen som var gjestgjevar i Naustdal kring 1800, var ein av dei rikaste som har budd i bygda. I tillegg til garden Naustdal, åtte Rasmus Monsson Dahl ei mengd gardar i heile Sunnfjord, og hadde store fiskebruk ved kysten. Då han døydde i 1815,
fanst det store mengder kostbare sølvgjenstandar og møblar av utanlandsk opphav i buet.
Frå Voss kom Torbjørn Litlere og starta landhandel i Naustdal i 1872. Sonen hans, Mons Litleré starta i 1886 som 19-åring det uvanlege tiltaket ”Norskmaalets Bokhandel” i same bygget som faren dreiv handel.

Utnytting av Nausta

I 1843 kjøpte prestesonen Johan Sebastian Friis garden, og overtok etterkvart også retten til å drive gjestgiveri og handel. I 1885 overtok svigersonen til Friis; Henrik Gundersen eigedomane, som m.a. omfatta det verdfulle laksefisket under Naustdalsfossen. Dette hadde no engelske sportsfiskarar vist interesse for, og i 1899 reiste Gundersen eit hotell med 12 rom, der han losjerte laksefiskarar i full pensjon. Huset vart rive i 1970. Gundersen bygde elles både fargeri, mølle, elektrisitetsverk og trevarefabrikk ved Naustdalfossen, der han sysselsette tilsaman 18 personar.

Aukande folketal

Folkeveksten i Naustdal sentrum var særleg stor i to bolkar på 1900-talet: I 1930-åra og på 1970-talet. I den første vart det frådelt 33 eigedomar på sentrumsgardane. Den andre og største vekstbolken kom i samband med at Førde i 1965 vart peika ut som vekstsenter (sjå Vekstsenteret Førde) og på få år fekk langt over tusen nye arbeidsplassar. Naustdal kommune la til rette for bustadbyggjing m.a. i lia aust for elva, og mange som arbeidde i Førde valde å slå seg ned i Naustdal. Ei tilsvarande utvikling finn vi i nedre Jølster med bustadfeltet i Langhogane.
Medan det i 1960 budde 313 menneske i Naustdal sentrum, auka talet til 948 i 1994.

MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no