SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Naustdal:

Skysstasjon og handel i Vevring

Tingneset. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Tingneset. (Foto: Arild Nybø, NRK)
På Tingneset i Vevring står eit herskapeleg, to-etasjes hus med halvvalma tak midt i ei klyngje av eldre bygningar. Huset er frå 1790, men vart utvida og ombygd i 1858. På Tingneset var det nemleg frå 1600-talet skysstasjon, og frå tidleg 1700-talet også gjestgiveri.

Publisert 02.10.2001 17:24. Oppdatert 16.09.2002 19:56.
Anders Nilsson Feios, som fekk gjestgjevarløyvet i 1743, fekk også drive ein liten landhandel, sjølv om han ikkje hadde såkalla borgarbrev for handelsverksemd.

Skysskaffaren på Tingneset var plikta til å stille rorskarar for skyssing av prest, fut og andre embetsfolk til næraste skysstasjon. Austover var det til Naustdal og Førde, og vestover til Hellevik ved Stavang eller Sauesund på Atløy.
Tidleg på 1800-talet var det Lars Jakobsson Thingnæsset som eigde bruket. Han var stortingsmann i to periodar frå 1815. Deretter var det haugianarane som rådde grunnen på Tingneset. Emissæren Erik Olsson Gjellaker (1780–1861) frå Ål i Hallingdal var den første, og då Fylkesbaatane starta rutene sine i 1858, vart han dampskipsekspeditør. Han tok ”Thingnes” som familienamn. Sonen Ola Tingnes (1829–1896) fekk også postopneriet i bygda. Begge var sentrale personar i det sterke haugianar-miljøet i Vevring på 1800-talet. Som vanleg var i haugianarflokken, var eigarane på Tingneset driftige folk, som m.a. bygde ei eiga reiparbane for tauproduksjon på garden.

Då Vevring kommune vart skipa i 1837, var det naturleg å halde møta i dei romslege husa på Tingneset. Her vart også det siste kommunestyremøtet halde før kommunen vart oppløyst i 1964 (sjå Kommunehistorikken i Naustdal).

Jakob Olsson Tingnes (1869–1948) gjekk også i brodden for skiping av ei av dei første politiske foreningane i fylket i 1870 – ”Vevring Bondevenforening”. Bondevenene var støtteflokken til stortingsmann Søren Jaabæk.
I 1900 gjekk Johannes Tingnes i spissen for byggjing av det første meieriet i Vevring, seinare med avdelingar på Kvellestad og i Steindalen. Meieriet var i drift til 1920.
Handelsverksemda vart ført vidare av slekta Førland, som ved inngifte var knytt til folket på Tingneset. Anders Førland kom frå Tysvær i Rogaland, og var jekteskipper. Førland-folket flytta butikken til bukta vest for Tingneset. Der vart det også bygd dampskipskai, og der var postopneri. Soneson til Anders, Torleiv Førland, dreiv butikken på 1970-talet då den var ”pilot-butikk” for den sterke satsinga i Noreg for å berge nærbutikkane (sjå vidare om butikken under Vevring Landhandel).

MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no