SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Leikanger kommune:

Sogns Barneheim

Sogns Barneheim på slutten av 1930-talet.
Sogns Barneheim på slutten av 1930-talet.
Sogns Barneheim for foreldrelause born vart skipa på Leikanger i 1891, og var i drift til 1974. Bak den stod Indremisjonen i Sogn.

Publisert 03.10.2001 11:09. Oppdatert 26.01.2007 12:06.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Sogns Barneheim [WM]  - Klara Haugen og Oscar Lilleøren fortel til Ottar Starheim om opplevingane sine som barneheimsbarn ved Sogn Barneheim på Leikanger.
Jakob Walnum. Foto: Eivind Enger
Det var først og fremst sokneprest i Leikanger, Jakob Walnum som syrgde for at denne heimen vart lagt til Leikanger. Han fekk samla inn midlar, og saman med to brør og mykje dugnadsarbeid fekk han reist ein stor trebygning i Strandavegen på Husabø, Her stilte gardbrukar John Olsen Husabø tomt til rådvelde.

Borna som vart tekne inn på barneheimen, var frå 2 år og opp til konfirmasjonsalder - dvs. kring 14 år. Heimen hadde 10 til 20 born i forpleining så lenge den var i drift. Born med kroniske sjukdomar vart avviste.

Om sommaren heldt heimen stengt og borna vart sende på opphald på gardar kringom i Sogn, der dei måtte ta del i gardsarbeidet.

I reglane for heimen vart det fastsett at borna skulle oppdragast i "kristelig Aand", og levesettet på heimen skulle vere "nøisomt og tarveligt".

Drifta basert på gåver

Drifta av heimen vart i hovudsak basert på innsamlingar, basarar, kyrkjeofringar og gåver i form av naturalia som mat og kle. Dette gav heimen i lang tid ei fri stilling i høve til offentlege styremakter, ein fridom som m.a. fekk negative fylgjer for korleis borna vart handsama under nokre av styrarane.

Gåvene kunne vere slaktebeist, grønsaker og frukt frå eiga avling. Mange fromme sogningar hadde gjerne eitt eller fleire "misjonstre" i frukthagen. Avlinga eller inntekta frå fruktsalet frå dette treet gjekk ofte til Sogn Barneheim.

"De Lidendes Ven"

Misjonsfolket i Sogn vart godt oppdaterte om gåvelister og driftsintekter gjennom heimen sitt eige blad "De Lidendes Ven". Dette skulebladet kom ut frå 1891 til 1937. Det hadde i eit opplag på 1.200, med 10-12 nummer årleg. I 1937 gjekk "De Lidendes Ven" inn i misjonsbladet "Sognevarden", som vart gjeve ut i fellesskap av Sogn Barneheim, den kristelege ungdomsskulen på Askelund - Sogn Ungdomsskule i Balestrand og Indremisjonen i Sogn.
Kring 1. verdskrig fekk Sogns Barneheim så mykje testamentariske gåver og andre midlar at dei kunne slette all gjeld og setje av pengar på fond.
Frå 1891 til 1921 hadde heimen eigen skule med sin eigen lærar. Frå 1921 fekk borna frå heimen gå på dei vanlege folkeskulane i bygda.

Hard tukt og barnemishandling

Heimen vart styrt av ein forstandar - fram til 1937 saman med ektemaken som eit "forstandarpar". I tillegg hadde heimen kokke, og i bolkar både ein barnepleiar og ein lærar tilsett.
I tillegg til at føremålsparagrafane sette strenge reglar for korleis borna skulle oppsedast - "nøisomt og tarveligt" - gjorde enkelte strenge og nidkjære forstandarpar livet surt for småborna.
Det er kjent at særleg eitt par for ille åt: Barneheimsborna fekk ikkje lov å leike med andre born i bygda. Dei vart fråtekne godteri og andre gåver som vart sende til dei frå slektningar. Jamvel små "fantestrekar" vart straffa med strenge husarrestar. Ei anna straffeform var å nekte born eit måltid eller to.

Men verst av alt: Det vanka både bjørkeris på rompa og det som verre var for brot på reglar og fantestykke. I lydreportasjen ovanfor kan du høyre folk som voks opp på heimen sjølve vitne om kva dei opplevde. Leksikonredaktøren har sjølv vore i kontakt med tidlegare barneheimsborn som fortalde at dei kunne verte straffa med slag av reimer mot kjønnsorgana. Var det jenter, kunne dei bli snauklipte som straff.
Reformen i den norske barneomsorga gjorde at talet på born ved heimen gjekk sterkt tilbake frå 1950 og utover. Den hadde stått tom i lengre tid då den vart offiselt avvikla i 1974.
I 2003 er det barnehage i den gamle barneheimen. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no