(sjå også
Krigshistoria i Vågsøy - om storangrepet på Måløy hamn i april 1945).
|
Tysk destroyer. |
Tyske krigsskip oppdaga
Om morgonen 9. februar 1945 oppdaga eit britisk rekognoseringsfly fleire tyske krigsskip, m.a. ein stor destroyer, som hadde gøymt seg i Førdefjorden ved Bjørkedal (sørsida, no Førde kommune). Då dei tyske skipa såg at dei var oppdaga, spreidde dei seg og la seg m.a. ved Frammarsvik og Bjørkedalslandet.
42 fly frå England
Frå basar i Skottland letta 32 Beaufighter- og 10 Mustang kampfly, og om ettermiddagen gjekk dei til åtak på den tyske flåten i Førdefjorden.
Men tyskarane fekk alarmert flybasen sin på Herdla ved Bergen, der 12 Focke Wulff jagarfly gjekk på vengene.
Luftslaget over Sunnfjord denne ettermiddagen utvikla seg til eit av dei største og hardaste over norsk jord under 2. verdskrigen, og kunne merkast over store deler av Sunnfjord og ytre Sogn.
Store tap
Dei allierte lei dei største tapa med 14 falne flymannskap og ni nedskotne Beaufigheter’ar og ein Mustang. Overlevande mannskap på naudlanda fly vart tekne til fange, og mange fly som returnerte til Skottland var så skadde at dei måtte buklande.
|
Flyvrak i Høydalsfjorden. Flyet styrta der etter luftslaget i 1945. (Foto: Anders Folkman) |
Fem tyske Focke Wulff vart skotne ned, to tyske flygarar drepne og to såra. Krigsskipa i Førdefjorden vart relativt lite skadde: På destroyeren braut det ut brann på brua, og det brann også i ein minesveipar. To andre skip fekk også mindre skadar, men ingen sokk.
Sjølv om striden gjekk føre seg tett inn på busetnad, kom ingen sivile til skade.
Minnestein og museum
I 1985 vart ein minnestein over dei falne i luftslaget den 9. februar 1945 reist ved Førde Lufthamn, Bringeland.
I 1999 vart det opna eit krigsmuseum i Frammarsvik til minne om det store luftslaget, som har gått over i historia som ”den svarte fredagen”. I musèet er det samla vrakdeler frå havarerte fly og bilete frå kampane.
|
15 fly vart skotne ned den svarte fredagen. |