Eksersisplassen låg på dei flate gardane Steien og Haugen omlag ein kilometer opp frå fjorden. Kompaniet femnde om Askvoll og Holmedal prestejeld - dvs. alle bygdene i noverande Gaular og Fjaler kommunar, Askvoll kommune, nordre delen av Solund kommune og Hyllestad kommune sørover til Åfjorden.
Ein av dei første kommandantane for Søndfiordske Compagnie var den franskætta oberstløytnanten
Johan Adam de Rochlenge, som var sjef for Sunnfjord-kompaniet frå ca. 1692 til 1707. Han hadde kjøpt
Dale gard i 1679, og vart stamfar til ei slekt i Dalsfjorden som framleis nyttar familienamnet Rochlenge, eller omskrivinga Rochling.
Garden Bjerga vart tidleg på 1800-talet reservert til kapteinsgard. Den hadde tidlegare vore prestegard.
Dingemoen vart nytta som eksersisplass til eit stykke ut på 1800-talet.