SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Sogndal:

Sogndal folkehøgskule

Sogndal folkehøgskule på Nestangen. (Foto: NRK)
Sogndal folkehøgskule på Nestangen. (Foto: NRK)
Sogndal folkehøgskule vart skipa 9. januar 1871 av prest og seinare stortingsrepresentant og statsråd Jakob Liv Rosted Sverdrup, og vart ein av dei første folkehøgskulane i Noreg.

Publisert 16.10.2001 12:21. Oppdatert 23.01.2007 09:54.
Det var presten Peter Lorentzen Hærem (1840-1878) som tok opp tanken om å få skipa pietistiske, Lutherske folkehøgskular som ei "motvekt" mot dei grundtvigianske skulane, som av mange vart rekna som altfor frisinna. Han søkte kontakt med teologar, mellom desse venen Jakob Sverdrup i Sogn.

Sverdrup fekk i 1869 eit reisestipend frå kongen og nytta pengane til eit studieopphald på danske folkehøgskular. Men han fekk lite til overs for dei grundtvigianske folkehøgskulane i Danmark.

Tilrådd "på det kraftigste"

Ordførar og godseigar Christen Knagenhjelm. (©Fylkesarkivet)
Med økonomisk støtte frå Hærem-komiteen starta Sverdrup førebuingane av skulen. Valet fall på Sogndal, der han fekk varm støtte frå prost J. E. Smith då han søkte formannskapet om tilskot. Også skuledirektøren i Bergen stiftsamt, Theodor Lous, tilrådde skulen "paa det kraftigste" i eit personleg brev som han skreiv til dåverande ordførar i Sogndal, godseigar Christen Knagenhjelm. Sogndal kommune ytte saman med Sogndal Sparebank 30 specidalar slik at skulen kom i gang.

Samarbeid med Storms landbruksskule

Martin Luther Storm, som då dreiv ein jordbruksskule på Loftesnes i Sogndal, tok kontakt med Sverdrup om samarbeid. Dei prøvde dette i eitt år før dei skilde lag fordi dei vart usamde om styringsforma.

Folkehøgskulen heldt det første året til i den gamle sorenskrivargarden på Loftesnes saman med Storm sin "landbruksskule", og frå 1871 til 1874 på Bahus. Dette var storgarden som låg der Sogndal Hotell seinare vart bygt.
I dette huset på Bahus heldt folkehøgskulen til frå 1871 til 1874. Der huset stod ligg no Sogndal Hotell. Foto frå 1957: Karl Gundersen

Ein formell kunnskapsskule

Første året hadde folkeshøgskulen 30 elevar, og levde på tilskota frå Hærem-komitéen. Undervisninga var basert mykje på foredrag, og kvar onsdag var det diskusjonskveldar der både politiske og religiøse spørsmål vart drøfta.
Men skulen skilde seg mykje frå dei danske folkehøgskulane ved at Sverdrup også tok i bruk lærebøker og dreiv undervisning i religion. Av dei formelle faga, vart det lagt mest vekt på historie, morsmål, naturlære, rekning og geometri, geografi og religion. Men også rettslære og "velstandslære" var med i timeplanen. Undervisninga vart dermed meir formell og stram på Sverdrup sin folkehøgskule - i motsetnad til den grundtvigianske folkehøgskulen, der det var meir leik og moro.

Folkehøgskulen får amtsskulestatus

Korøving i 1996. (Foto: NRK)
I 1875 søkte folkehøgskulen om fylkestilskot til drifta. På denne tida arbeidde fylket med skiping av ålmendannande amtsskular (Amtsskulen på Apalset var ein av dei). Desse hadde eit undervisningsopplegg som ikkje var langt unna folkehøgskulen i Sogndal. Med litt tilpassing av sin eigen undervisningsplan, slik at den vart meir lik amtskuletilbodet, fekk Sogndal folkehøgskule fylkestilskot, og vart rekna som amtsskule for Sogn.

Jakob Sverdrup fekk ein alvorleg sjukdom dei siste åra han var i Sogndal, og sette då broren Hersleb Sverdrup inn som styrar.

Henrik Mohn Dahl. (©Fylkesarkivet)

Helgheim vert bygt

Då Jakob Sverdrup vart valt inn på Stortinget for Venstre i 1876, vart presten Henrik Mohn Dahl skulestyrar. Han hadde vore lærar ved skulen sidan 1874, og bygde for eigen kostnad ny skulebygning like ved Loftenessundet i 1875. Den fekk namnet Helgheim, som også har vore det lokale namnet på folkehøgskulen fram til i dag.

Skulebygg på museum

Den første skulebygningen er teken vare på, og er flytta til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Første skulebygget til Sogndal folkehøgskule står no på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Førande i nynorsk

Under Dahl vart Sogndal folkehøgskule ein av dei førande skulane i landet i nynorsk målbruk, og han dreia også undervisninga i meir frisinna retning enn det Sverdrup hadde gjort.
Både Sverdrup og Dahl deltok aktiv i samfunnslivet utanom skulen, og var begge m.a. ordførarar i Sogndal.
Tunet på Helgheim. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Helgheim under krigen

Ved krigsutbrotet var Sogndal Folkehøgskule, Helgheim, nytta som mobiliseringsstad for norske styrkar til stridane i Valdres. Under tilbaketoget frå kampane var det mange soldatar som bytte om til sivile klede på skulen og la frå seg våpna der før dei reiste heim.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no